Hopp til innhold

Kristen firebarnsmor dømd til døden for blasfemi

Pakistanske Asia Bibi er dømd til døden for blasfemi. No har ho vore fengsla i snart fem år i påvente av at høgsterett skal behandle anken hennar.

Salman Taseer og Asia Bibi

Asia Bibi saman med den dåverande guvernøren i Punjab Salman Taseer. Han vart seinare drepen etter å ha kritisert dei pakistanske blasfemilovene.

Foto: HO / Afp

Amnesty International og ei rad andre humanitære organisasjonar samt den katolske kyrkja har lagt press på pakistanske styresmakter i løpet av desse åra, utan at det har vore til hjelp.

Den no 49 år gamle firebarnsmora sit framleis fengsla under vanskelege soningsforhold. Ved juletider skreiv ho brev til pave Frans, der ho blant anna fortalde at cella hennar manglar oppvarming, døra er dårleg, at ho ikkje kjenner seg trygg og at ho har ikkje pengar til å kjøpe det ho treng.

Ho fortel også i brevet at ho må lage all maten sjølv, fordi ho er redd for å bli forgifta av medfangar eller dei som jobbar fengselet.

Trua med heilag krig

Asia Bibi

Asia Bibi er dødsdømd etter at fleire nabokvinner skulda henne for å ha spotta Muhammed, grunnleggjaren av islam.

Foto: AP

Samstundes er ho fengsla så langt unna heimstaden utanfor storbyen Lahore at det er svært vanskeleg for familien å vitje henne i fengselet.

I november 2010 var det store demonstrasjonar i Lahore mot å benåde Asia Bibi. Demonstrantane trua med heilag krig om den kristne kvinna vart sett fri, og den viktigaste sunnimuslimske alliansen i landet har åtvara presidenten mot å oppheve dødsdommen.

Ein pakistansk imam lovde i desember 2010 ein dusør på 50.000 rupi (rundt 35.000 norske kroner), til den som tek livet av Asia Bibi .

Bakgrunnen for dødsdommen er følgjande: Asia Bibi arbeidde saman med ei gruppe nabokvinner med innhausting av frukt på eit gardsbruk i landsbyen ho budde i Punjab-provinsen. Dette var i juni 2009. Ho vart beden av dei andre om å hente vatn, og det gjorde ho.

Save Asia Bibi på Facebook

Amnesty om Asia Bibi

Krangel om Muhammed

Då var det nokre av dei andre kvinnene som sa at dei som muslimar ikkje kunne drikke vatn som ho hadde henta, fordi ho ikkje var muslim. Dermed var vatnet ureint, sa dei.

Pakistanske islamistar demonstrerer til støtte for blasfemilovene.

Pakistanske islamistar demonstrerer til støtte for dei omstridde blasfemilovene i landet.

Foto: Fareed Khan / Ap

Det kom til krangel mellom kvinnene, og Asia Bibi spurde dei muslimske kvinnene kva Muhammed, grunnleggjaren av islam, hadde gjort for dei. Ho sa samstundes at Jesus hadde døydd på korset for menneska si skuld.

Dette vart tolka av nokre av dei andre kvinnene som om ho hadde spotta Muhammed, og ho vart meldt til politiet. Kvinnene fekk støtte frå ein lokal imam, og Asia Bibi vart arrestert.

Før arrestasjonen prøvde ei rasande folkemengd å drepe henne. Ho var sterkt forslått då politiet tok hand om henne.

Støttespelarar drepne

I november 2009 vart den kristne kvinna dømd til døden. Dommen var berre basert på vitnemåla til ein del av kvinnene som Asia Bibi arbeidde saman med.

To pakistanske politikarar som har støtta Asia Bibi offentleg, har seinare vorte drepne. Ein av dei var minoritetsministeren, Shahbaz Bhatti, som ifølgje New York Post vart drepen av Taliban.

Den andre var guvernøren i Punjab, Salman Taseer. Han vart skoten og drepen av si eiga livvakt fordi han offentleg kritiserte den strenge pakistanske blasfemilova.

Rundt tre prosent av innbyggjarane i Pakistan er kristne, resten er i all hovudsak muslimar. Det er vel 177 millionar innbyggjarar i landet.

Døtrene til den dødsdømte Asia Bibi

Dei tre døtrene til Asia Bibi med eit bilete av den dødsdømde mora.

Foto: ADREES LATIF / Reuters

LES OGSÅ: Frammarsj for muslimsk ekstremisme

LES OGSÅ: Pakistansk handlingslammelse

LES OGSÅ: Barbari og demokrati i Pakistan

SISTE NYTT

Siste nytt