Hopp til innhold

Kristen pakistansk jente kan setjast fri mot kausjon

Den kristne pakistanske jente med Downs syndrom, som er skulda for å ha fornærma islam, kan setjast fri mot kausjon, har ein domstol avgjort.

Mange hadde møtt fram utanfor rettssalen.

Mange vanta på avgjerda utanfor domstolen i Islamabad fredag.

Foto: FAROOQ NAEEM / Afp

Pervez Khan, jentas forsvarer

Pervez Khan er forsvarar for den kristne jenta med Downs syndrom.

Foto: FAISAL MAHMOOD / Reuters

Avgjerda kjem få dagar etter at ein muslimsk leiar vart arrestert, mistenkt for å ha planta bevis hos jenta, Rimsah Masih.

Det er likevel uklart om jenta blir sett fri, fordi det er farleg for henne å vende tilbake til landsbyen i utkanten av den pakistanske hovudstaden Islamabad.

På hemmeleg stad

– Dersom kausjonen blir betalt, kjem ho til å møte familien sin på ein stad som blir halden hemmeleg av tryggingsgrunnar, seier Robinson Ashgar, som er rådgjevar i departementet for nasjonal harmoni.

Om ho blir sett fri, så blir det første gongen at nokon som er skulda for blasfemi i Pakistan, blir sett fri mot kausjon.

Jenta er truleg rundt 14 år gammal. Muslimske naboar har skulda henne for å sett fyr på islamske tekstar. Det er dødsstraff for blasfemi i Pakistan.

Sterke reaksjonar

Saka har vekt sterke reaksjonar både internasjonalt og hos menneskerettsforkjemparar i Pakistan.

Det har skjedd fleire gonger at personar som har vore skulda for blasfemi, har vorte drepne av vanlege folk som har teke lova i eigne hender. Dette sjølv om vedkomande er frikjend i ein domstol.

Gudsteneste i kyrkje i Islamabad i Pakistan.

Dei kristne er ein pressa minoritet i Pakistan. Her frå ei gudsteneste i ei kyrkje i Islamabad sist søndag.

Foto: Nathalie Bardou / Ap


SISTE NYTT

Siste nytt