FN-hovudkvarteret i New York.
Dette opplyser USAs FN-ambassadør James Cunningham. Både palestinarane og fleire arabiske land har bede om eit møte, etter auken i valdshandlingane i dei palestinske områda den siste tida.
USA-nei
USA gjorde det klart at landet ikkje ville støtte ein resolusjon om å utplassere FN-observatørar i den palestinske områda for å verne dei sivile innbyggjarane.
I kveld vart to palestinske politimenn skadde i ei skotveksling med israelske soldatar nær landsbyen Bitunia utanfor Ramallah på Vestbreidda, opplyser palestinske augevitne.
Samstundes vart det skote to granatar mot den jødiske busetjinga Netzer Hazani. Ein av dei landa like utanfor eit bustadhus, men ingen vart skadd og granatane gjorde heller ikkje materiell skade, opplyser ein israelsk militær talsmann. Den militante palestinske gruppa Jihad har teke på seg skulda for angrepet.
Tidlegare i dag vart fire palestinarar såra då israelske stridsvogner skaut granatar mot to flyktningleirar på Gaza-stripa, opplyser palestinske kjelder. Åtaka kom etter skotveksling mellom israelske soldatar og palestinarar, berre nokre få timar etter at israelske helikopter hadde skote mot dei tett befolka flyktningleirane Jabaliya og Khan Yunis.
I natt angreip israelske styrkar også fleire bygningar i Jenin på Vestbreidda, blant dei kontoret til guvernøren i byen.
Ba om møte
Dei palestinske styresmaktene ba alt måndag om eit ekstraordinært møte i Tryggingsrådet, etter at israelske styrkar hadde gått til åtak på Gaza-stripa med kamphelikopter, og drapet på fem palestinske politifolk ved ei vegsperring på Vestbreidda.
Noreg er eit av landa som er representert i Tryggingsrådet.
USA har motsett seg eit hastemøte i Tryggingsrådet for å diskutere utviklinga i Midtausten.
- Det går føre seg intensive diskusjonar mellom oss og partane, og vi trur ikkje det vil hjelpe denne prosessen å på nytt bringe saka inn for Tryggingsrådet, sa USAs Fn-ambassadør James Cunningham i går.
Egyptisk kritikk
Egypts utanriksminister Ahmed Maher skulda i dag Israel for å forsøke å knuse administrasjonen til Yasir Arafat.
Israelske styrkar har dei siste dagane oppretta vaktpostar inne på område som etter Oslo-avtalen skal vere under palestinsk kontroll. Dette gjer den israelske hæren for å hindre palestinske åtak på israelske mål, seier ein israelsk talsmann.