Hopp til innhold

Krisemøte for å redde reiseselskapet Thomas Cook

Thomas Cook, som blant anna eig den norske reiseoperatøren Ving, er søndag i møte med kreditorar for å redde selskapet frå konkurs. Ving ber norske kundar om ikkje å uroe seg.

Thomas Cook

Søndag sit Thomas Cook i krisemøte med kreditorar for å redde det 178 år gamle reiseselskapet frå konkurs.

Foto: TOLGA AKMEN

Reiseselskapet Thomas Cook er ein av verdas største og mest tradisjonsrike reisearrangørar. Dei eig blant anna det norske reiseselskapet Ving og eit flyselskap.

Men uro for kva som skjer rundt brexit, høgare drivstoffprisar og konkurranse frå sal av reiser på internett har ført selskapet ut i eit uføre.

I helga stadfesta selskapet at dei treng nesten 2,3 milliardar norske kroner for å unngå å konkurs. Søndag sit selskapet i møte med kreditorane i London, i håp om å finne ei løysing for selskapet, skriv Sky News.

I tillegg er dei avhengige av ein redningspakke verdt over 10 milliardar norske kroner, som trengst for å halde selskapet flytande.

Styret i selskapet skal også møtast i løpet av søndagen, skriv Financial Times.

Store konsekvensar

Dersom forhandlingane i London ikkje fører fram, vil det få store konsekvensar for reiselivsbransjen. I tillegg til å eige fleire nasjonale reisearrangørar, eit flyselskap og ein hotellkjede, samarbeider dei også med rundt 3.000 hotelleigarar over heile verda.

– Det vil bli eit fullstendig blodbad, seier ein person som er tett på samtalane i London til Financial Times.

Selskapet har fleire tusen reisande på tur denne helga. Berre frå Storbritannia er det rundt 165.000 turistar som vil bli påverka om det ikkje kjem ei løysing.

Men dersom reiseselskapet skulle gå konkurs, lovar den britiske utanriksministeren Dominic Raab å hente desse heim.

– Vi vil vente og sjå og håper at dei kan halde fram. Men dersom det ikkje skulle gå, har vi planar for korleis vi skal få alle heim, sa han til BBC.

Thomas Cook 19 millionar kundar frå 16 land i løpet av eit år, ifølgje den britiske kringkastaren.

Ving er ikkje uroa

Thomas Cook eig blant anna reiseoperatøren Ving. Men dei er ikkje uroa for situasjonen, trass i konkursfaren. Det er rundt 9.000 norske kundar som no er på ferie med Ving.

– Vi rettar merksemda vår mot å få dette i hamn og ikkje noko anna. For gjestar som har bestilt eller vurderer å bestille, gjeld det same som alltid. Det vil seie at ein er beskytta av reisegarantien, seier kommunikasjonssjef Fredrik Henriksson i Thomas Cook Nord-Europa til NTB.

Han seier avdelinga i Norden har vore ein lønsam del av konsernet i fleire år. Men han vil ikkje spekulere i kva som kan skje om eigarselskapet blir slegne konkurs.

– Vi er ein del av konsernet. Men det er ikkje noko eg vil spekulere i no, og vi rettar merksemda mot at vi skal få dette i hamn.

Ving har også lagt ut informasjon til kundane sine om korleis dei skal stelle seg til forhandlingane som er i gang, og kva dei må gjere dersom det skulle ende i ein konkurs.

Dei viser blant anna til Reisegarantifondet som sørger for at arrangørar av pakkereiser og samansette reiser stiller lovpålagt garanti og at dei som reiser får refundert forskotsbetalingar, eller ei alternativ heimreise når ein arrangør går konkurs.

SISTE NYTT

Siste nytt