Hopp til innhold

– Trur eg elskar landet mitt endå meir no

17 år gamle Yaryna sit ved eit kafébord i Lviv. Ho er nyforelska i Ukraina, og har starta å drøyme om den dagen der turistar, og ikkje soldatar, invaderer landet.

Yaryna Luka er frå Lviv, ho er 17 år, og har opplevd krig for første gong i livet.

Yaryna Luka gler seg til å bli turistguide og invitere folk til Ukraina og heimbyen Lviv.

Foto: Charlotte Berrefjord Bergløff / NRK

– Eg trur eg elskar landet mitt endå meir no, seier 17 år gamle Yaryna Luka.

NRK møter ho på ein fortauskafé i Lviv. Heimbyen til Yaryna ligg såpass langt vest i Ukraina at dei har unngått dei verste kampane.

Men ingen veit om den neste flyarlamen som går vil ramme dei.

– Eg går framleis ned i bomberommet når flyalarmen går, sjølv om det er mange som ikkje gjer det lengre, seier Yaryna.

I ein turistbutikk kan ein kjøpe suvenirar der Ukraina vert hylla med ulike slagord.

Den nasjonale stoltheita er stor i Ukraina, og mange ønskjer å uttrykke støtte på ulike vis. Slik som ved å kjøpe ein kopp med flagg og slagord.

Foto: Charlotte Berrefjord Bergløff / NRK

Rundt om i Lviv kan ein kjøpe turistsuvenirar med ukrainske flagg, og slagord som viser støtte til landets soldatar.

Det er tydeleg at det ikkje berre er Yaryna som kjenner på den nasjonale stoltheita og samhaldet som har vakse fram under krigen.

For sjølv om det er kvardagen, med gatemusikantar og torgbuer som rår i Lviv, så vert dei stadig minna om at krigen herjar andre stader i Ukraina.

Flyalarmen går også ofte fleire gonger i døgnet i Lviv.

Det er blå himmel, men samtidig kveld i Lviv. Eit stort fint hus, med ein marknadsplass framforbi. Eit ukrainsk flagg vaier frå ei lita salsbod.

Kvelden kan vere fin i Lviv, men av og til kan flyalarmen gå etter mørket har lagt seg.

Foto: Charlotte Berrefjord Bergløff / NRk

Framtidig turistguide

Då det stod på som verst, var livet ganske mørkt for Yaryna. Området vart angripe nokre gonger frå lufta, og planen til Russland var å erobre heile Ukraina. Også Yaryna sin heimby, Lviv.

Likevel hadde Yaryna trua på at kvardagen skulle komme tilbake ein dag.

– Eg tenkte aldri at me kunne komme til å tape denne krigen, seier Yaryna, og fortel at ho sette si lit til det ukrainske militæret og regjeringa.

Det er no tre månader sidan Russland tok seg inn med makt i Ukraina. I løpet av den tida har Yaryna starta å gå til psykolog, fordi det har vore tungt å vere vitne til krig i sitt eige heimland.

I starten var ho så redd at kroppen rista.

– No får eg ikkje panikk like ofte lenger.

No drøymer ho om framtida igjen, og dagen der ho er ferdig med studia i turisme, kanskje har fått jobb som turistvert, og kan ønskje turistar velkommen til landet ho elskar.

– Det er veldig vakkert, og me har eit veldig godt kjøkken her, med mange gode restaurantar, reklamerer den kommande turistguiden.

Raude stearinlys står på ei plate. Biletet er tatt inne i ei kyrkje i Lviv, og ein kan skimte nokre folk i kyrkjebenken bak stearinlysa.

Lys for fred, i kyrkja i Lviv.

Foto: Charlotte Berrefjord Bergløff / NRK

Eit lys og eit vondt sitat

NRK er innom kyrkja i Lviv der folk tenner lys, og les på plakatar med ukrainske born som er hengt opp.

På kvar plakat står det eit sitat frå barnet som er avbilda. De har allereie mista fedrane sine i krigen som har rast i aust sida 2014.

No er mange fleire ukrainske småbarnsfedrar blitt soldatar.

Hjarteskjerande sitat frå krigens barn er hengt opp i ei kyrkje i Lviv. Nokre av dei har mista far sin for godt. Andre saknar far sin fordi han er i militæret.

Zlata på 7 år og Pylyp på 5 saknar fedrane sine, som har mista livet i krigen.

Foto: Charlotte Berrefjord Bergløff / NRK

«Kva skal eg seie til kyrkjelyden i morgon?»

Det var spørsmålet som presten i Lviv spurte sin kollega ved fronten lengst aust i landet i helga. Det er som om krigen hadde herja i Agder, og ein prest i Tromsø hadde spurt om kva som eigentleg passar å seie.

Presten svarte:

«Sei: Elsk kvarandre! Og tru på siger, på våre soldatar. Dei er eit symbol på Ukrainas sjel».

Les også Her trur han dei store slaga vil stå

Palle Ydstebø

Vil ikkje forlate ektemannen

Men to år gamle Arsen saknar ikkje far sin. Sjølv om alle ukrainske menn i alderen 18 til 60 år ikkje får forlate landet, deltek ikkje alle i krigen som soldatar.

Pappa Lubomyr, og mamma Marta, er begge saman med den vesle guten sin på ein bytur i Lviv. Den vesle familien har no vent seg til ein ny kvardag med flyalarm.

– No berre lever me i denne situasjonen. Me har ingen veg ut herfrå. Mannen min er her, og eg vil sjølvsagt ikkje reise herifrå. Me ventar berre, og blir verande her, seier Marta.

Eit barn sit på armen til ei kvinne, og ved sida av kvinna står ein mann. Det er ein liten familie, og dei heiter Lubomyr, Marta og sonen Arsen. Alle heiter Nekrasovy
til etternamn.

Den vesle familien forsøker å nyte kvardagen. Lubomyr og Marta Nekrasovy er på bytur med vesle Arsen.

Foto: Charlotte Berrefjord Bergløff / NRK

Glad for å vere i live

I Lviv er dei vane med at dei plutseleg kan vere i fare. Når alarmen går må dei ta stilling til kva dei skal gjere. Skal dei søke dekning i kjellaren, og dermed risikere at heile bygningen kanskje fell ned over kjellaren, eller skal dei halde seg i ro der dei er?

– Sjølvsagt er me redde kvar gong alarmen går. Det er ikkje noko god kjensle at du heile tida må finne ut kva som er best å gjere. Det er alltid ein risiko. Alltid, fortel 29 år gamle Marta.

Arsen sit framleis på armen, men har no fått nok av at NRK skal snakke med mamma. Han vil leike. For det er jo det barn skal. Og utan å risikere at ei bombe kjem dalande ned frå himmelen.

– Me håper alt dette er over ganske snart. For verkeleg, det å leve i ein situasjon som dette ...

Marta veit ikkje heilt kva ho skal seie.

– Det er forandring heile tida. Nokre gonger er eg glad berre fordi vi ennå er i live og ikkje har døydd. Verkeleg, det er slik det er.

Marta ser kjærleg på Arsen, som til sist får vilja si og den vesle familien går vidare for å leike.

Ukrainske flagg og ein plakat heng på ein salsbod på ein open og torgplass i Lviv i Ukraina. På plakaten er det bilete av Putin der han er teikna som eit dødnigshovud. Det står Achtung Russia på plakaten.

Slagorda er mange, og dei ukrainske fargane kan ein sjå overalt i Lviv.

Foto: Charlotte Berrefjord Bergløff / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt