Urix forklarer

Krevande veg til statsministerkontoret

Krav om kraftig reduksjon i klimagassutsleppa og liberalisering i innvandringspolitikken. For Mette Frederiksen går vegen til statsministerkontoret gjennom knallharde forhandlingar med valets store vinnarar.

Seierstalen til partileder Mette Frederiksen fra Socialdemokratiet.

– Eg vil vere statsminister for heile Danmark, sa Mette Frederiksen i partileiardebatten nærare klokka halv to på valnatta.

Den 41 år gamle arbeidardottera kjente nok på tyngda av ansvaret som no ligg på hennar skuldrer. Ho hadde nett halde ei kjensleladd tale til sine eigne partifellar i Socialdemokratiet.

For då statsminister Lars Løkke Rasmussen, på Venstre si valvake ved midnatt, kunngjorde at han ville søke avskjed, var det klart at Mette Frederiksen får sjansen.

Dronningrunden

Etter den såkalla dronningrunden, der alle partileiarane i Folketinget gav sine råd til dronninga, fekk ho offisielt oppdraget som såkalla kongeleg undersøker. Og ho seier ho har god tru på å nå fram.

Den trua kan ho trenge, for det er ingen tvil om at det blir harde forhandlingar.

For rett nok er Mette Frederiksens Socialdemokratiet Danmarks største parti med knappe 26 prosent av stemmene, men partiet gjekk marginalt tilbake i valet.

Det er dei mindre partia, dei ho no skal forhandle med, som har sikra den rekordstore sigeren for raud blokk.

Tøffe krav

Både partia til venstre for henne, Sosialistisk Folkeparti og Enhetslisten, og særleg det sentrumsorienterte Radikale Venstre har gjort gode val. Dei vil gå inn i forhandlingar med stor sjølvtillit og harde krav, t.d :

  • 70 prosent reduksjon i klimagassutsleppa innan 2030.
  • Gjenopne mottak av kvoteflyktningar i Danmark
  • Minimumsstandarar for bemanning i offentleg sektor.
  • Omlegging i den økonomiske politikken

Dei tre forhandlingsmotpartane til Mette Frederiksen har også motstridane interesser seg imellom. Det vil krevje kløkt å få forhandlingane i land. Ho har minst å gå på i utlendingpolitikken som er forankra på tvers av blokkgrensene i dansk politikk.

Kan trekke ut

Normalt skal det ta ei vekes tid å stable på beina eit grunnlag for ei ny regjering, men mykje tyder på at forhandlingane kan ta både to og fleire veker.

Grunnlova krev at den påtroppande statsministeren skal ha tryggleik for at ei ny regjering ikkje vil bli felt i sitt første møte med parlamentet.

Det blir tøffe forhandlingar for Mette Fredriksen, men det er noko med dynamikken når slike regjeringsdrøftingar først er sett i gang. Det sannsynlege utfallet er ei sosialdemokratisk mindretalsregjering med parlamentarisk grunnlag i Folketinget frå partia i raud blokk.

Og med 41 år gamle Mette Frederiksen på Statsministerens kontor.

SISTE NYTT

Siste nytt