Krev våpenkvile i Jemen

USA, Storbritannia og FN sin fredsutsending til Jemen oppfordra dei stridande partane i borgarkrigen til å innføre våpenkvile innan få dagar. Ifølgje FN har over 10 000 menneske mista livet i borgarkrigen i Jemen.

Blomster på ein markedshall som vart ramma av bombe i Jemen

Ifølgje FN er over 10 000 menneske drepne og over 27.000 såra sidan konflikten braut ut. Over halvparten av dei drepne er sivile. Biletet er frå eit bombeangrep som vart utført mot ei gravferd i starten av oktober.

Foto: MOHAMED AL-SAYAGHI / Reuters

– Det er på tide å innføre våpenkvile og flytte seg til forhandlingsbordet.

Meldinga kjem frå utanriksministeren i USA, John Kerry, etter diplomatiske samtalar i London om både Jemen og Syria søndag. Han fekk støtte frå den britiske utanriksministeren, Boris Johnson, og FN-utsendingen Ismail Ould Cheikh Ahmed.

- USA og Storbritannia håper vi kan oppnå våpenkvile i løpet av dei komande dagane, sa Kerry ifølgje nyheitsbyrået AP.

USA sin utanriksminsiter seier ei mekling vil involvere Jemen si eksil-regjering og Houthi-opprørarane som kontrollerer store delar av landet. Han håper meklinga kan kome i gong så fort som mogleg, og antyder måndag eller tysdag.

Utanriksminister i USA John Kerry og utanriksminister i Storbritannia Boris Johnson

Utanriksminister i USA, John Kerry, den britiske utanriksministeren Boris Johnson og FNs spesialutsending for Jemen Ismail Ould Cheikh Ahmed oppfordrar dei stridande partane i Jemen til våpenkvile.

Foto: JUSTIN TALLIS / Afp

Hastar med løysing i Jemen

Møtet i London inkluderte også utanriksministeren i Saudi-Arabia, som har leia den militære koalisjonen mot Houthi-gruppa.

– I dag kan vi ikkje få understreke nok at det hastar med å få slutt på valden i Jemen, sa Kerry.

Militærkoalisjonen som er leia av Saudi-Arabia har sidan mars 2015 utført luftangrep mot den lokale Houthi-rørsla. Gruppa tok kontroll over hovudstaden i Jemen, Sana, i september 2014.

Ifølgje FN er over 10.000 menneske drepne sidan konflikten starta.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt