USA meiner at alle sanksjonane mot Irak bør opphevast, bortsett frå forbodet mot å selje våpen til landet.
Derfor ber USA Tryggingsrådet om å kome saman til eit møte i morgon der sanksjonane mot Irak blir heva.
Resolusjonsforslaget vil følgje opp avgjerda til president George W. Bush om å suspendere den amerikanske lova om sanksjonar mot Irak.
Den tyske FN-ambassadøren seier at Tryggingsrådet vil ta imot forslaget på ein konstruktiv og samarbeidsvillig måte, og at det også gjeld deh tyske haldninga til resolusjonsforslaget, melder det tyske telegrambyrået DPA.
Utan FN-kontroll
Telegrambyrået Reuters, som har lese teksten i forslaget, skriv at USA foreslår at inntektene frå den irakiske oljeeksporten skal gå inn i eit spesialfond til gjenoppbygging av Irak.
Irak skal få lov til å eksportere olje utan FN-kontroll, og USA håpar å få heva sanksjonane innan 14 dagar, opplyser John Negroponte.
Ein slik resolusjon vil i tilfelle avvikle olje-for-mat-programmet over nokre månader, men likevel oppfylle nokre av kontraktane om kjøp av mat, medisinar og andre varer som blei inngått medan Saddam Hussein framleis sat ved makta, opplyser diplomatar til Reuters.
Dei understrekar at sjølv om resolusjonsforslaget omfattar å opprette ein FN-koordinator i Irak, er denne stillinga svagt definert, og i praksis vil USA og dei allierte sitje med bortimot all makt.
Olja
Resolusjonsforslaget vil også innehalde eit forslag til korleis oljeproduksjonen i landet kan kome i gang igjen, og korleis salet av olja skal gå føre seg.
USA ønskjer at oljesalet skal betale for gjenoppbygginga av landet.
The Washington Post skreiv i går at dei irakiske oljeinntektene vil bli sett under amerikansk kontroll fram til ein interimadministrasjon er etablert i Irak.
Resolusjonsforslaget tak til orde for at FNs generalsekretær Kofi Annan utnemner ein FN-representant som saman med representanter for Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet skal sitje i eit styre som får oppsyn med inntektene frå oljeindustrien.
Press
USA ønskjer at Tryggingsrådet skal vedta den nye resolusjonen innan 3. juni når olje-for-mat-programmet normalt skal fornyast.
Blir ikkje resolusjonen vedteken då, vil verken USA eller noka irakisk styresmakt ha høve til å eksportere irakisk olje på lovleg vis, sidan olja framleis vil vere under FN-kontroll.
For å oppnå støtte i Tryggingsrådet, har Bush-administrasjonen auka kontaktene med viktige medlemsland, som Russland, Tyskland, Spania, Mexico og Pakistan.
Særleg Russland, Tyskland og Frankrike har vort skeptiske til å godkjenne ei amerikansk-innsett irakisk regjering utan at FN får ei rolle å spele.
Sanksjonane som først blei vedtekne etter invasjonen av Kuwait i 1990, var knytte til at Irak kvitta seg med masseøydeleggingsvåpen.
Landa som er skeptiske til dei amerikanske motiva, meiner sanksjonane ikkje kan bli heva før våpeninspektørane frå FN har konstatert at landet ikkje har masseøydeleggingsvåpen. USA er på si side skeptisk til å sleppe FN-inspektørane til igjen.
Verken FN-inspektørane eller USA har enno funne masseøydeleggingsvåpen i Irak, endå dette var ein av hovedgrunnane for den amerikanskleia krigen.