Hopp til innhold

Krev norsk Kongo-initiativ

Coltan frå din mobiltelefon kan ha sponsa Kongo-konflikta, der fem millionar har døydd. No krev hjelpeorganisasjon at Noreg tek ansvar.

Coltan-arbeidere i Kongo

Coltan-arbeidarar i Kongo.

Foto: ARNAUD ZAJTMAN / AP

Noreg må ta initiativ til ei internasjonal kontrollordning for stoffet coltan, meiner hjelpeorganisasjonen CARE.

- Her har vi DVD-spelarar, spelmaskiner og berbare PC-ar. Inni desse finst det coltan, seier Marte Gerhardsen.

Vi er med generalsekretæren i CARE Norge til ein elektrobutikk i Oslo sentrum. Dei fleste produkta her inneheld coltan, eit stoff som leiar straum svært godt.

- Det viser kor lita verda er blitt. Når vi brukar coltan her, påverkar vi konflikta i Kongo. Ei av dei viktigaste drivkreftene for krigen i Kongo er plyndringa av mineralressursar, og eitt av dei viktigaste minerala er coltan, seier Marte Gerhardsen.

Marte Gerhardsen

Marte Gerhardsen, generalsekretær i CARE.

Foto: CARE/Nils Mørk 2008

Hamnar under juletreet

Når du sit heime og spelar Playstation eller sit og trykker på mobiltelefonen din, er stoffet coltan sannsynlegvis brukt i produktet. Men det er vanskeleg å vite om stoffet kjem frå Kongo.

Verdas største coltan-ressursar ligg i det krigsherja Kongo, der over 40 væpna grupper kjempar mot kvarandre om å få kontroll over dei rike ressursane. Fem millionar menneske har døydd i konflikta.

Men det er uråd å vite om stoffet som er med på å sponse denne konflikta finst i akkurat din Playstation eller din mobil. Difor vil CARE at norske styresmakter skal kjempe for å få til ei internasjonal kontrollordning for coltan.

LES: Blodig kamp om Playstation-deler

Ber Noreg ta initiativ

- Eg vil foreslå at utanriksminister Støre tar eit initativ og inviterer folk til å vere med på ein internasjonal prosess for å få i gang eit internasjonalt sporingssystem, seier generalsekretær Marte Gerhardsen i CARE.

- No skal vi neste veke underteikne klasevåpenkonvensjonen i Oslo, det var eit norsk initiativ som lyktest. Vi må bruke dei høva vi har som eit lite, rikt land til å gå foran i slike viktige saker, legg ho til.

Eit slikt sporingssystem finst til dømes for diamantar, ein annan ressurs som har ført til blodige krigar. Det systemet vart til etter den såkalla Kimberleyprosessen. Statar som sel diamantar må utstede sertifikat som seier at dei er utvunne på lovleg vis.

Men eit slikt kontrollsystem finst ikkje for coltan. Det gjer at coltan for store summar kvart år finn vegen ut av Kongo, og bidrar til å finansiere væpna grupper.

- Ikkje høyrt om coltan

- Det har eg aldri høyrt om før, seier Jon Terje Svendsen, ein av kundane i elektrobutikken i Oslo.

Han ante ikkje at elektronikkprodukta hans kan vere med på å sponse den blodige konflikta i Kongo.

- Det høyrest jo suspekt ut, seier Svendsen.

Heller ikkje elektrokunde Solveig Ramtun visste at elektronikken som hamnar under juletreet, kan ha delar som inneheld stoff fra Kongo.

- Det er ikkje morosamt å tenkje på, og det kunne kanskje vore opplyst litt meir om, seier Ramtun.

- Har ikkje vore framme

Ingen av kundane vi spør har høyrt om coltan før. Det forundrar ikkje generalsekretær Marte Gerhardsen i CARE.

- Det syns eg ikkje er rart i det heile tatt, det har ikkje vore noko framme. Vi prøver å få fokus på kor stort problemet er og kor viktig det er for Kongo.

Så når du fyller opp med gåver under juletreet eller sit framfor Playstation eller ringer til bestemor, så kan du kanskje skjenke ein tanke til ungar og mødre i Kongo som har gravd opp coltanen som trengs.

Ei lita verd

- Det som er så brutalt er at gruvedrifta etter coltan i Kongo er heilt ukontrollert. Det er veldig mange born og mødre med ungar på ryggen som jobbar. Når du hogg ut coltan vert det utløyst ein giftig gass som desse ungane og mødrene får i seg. Det er eit brutalt bilde: For at ungar i Noreg skal leike seg med Playstation må ungar i Kongo jobbe i gruver under umenneskelege tilhøve, seier Marte Gerhardsen i CARE.

Ho håper at merksemda som Kongo-konflikta har fått i det siste kan få både politikarar og forbrukarar til å reagere.

- Eg håper det. At både politikarane tek dette meir alvorleg, men også at folk flest som er ute og skal handle julegåver og tek ein Playstation tenkjer på dette, og ser på korleis verda heng saman og kor lita ho er blitt, seier Gerhardsen.

Utanriksdepartementet har ikkje hatt tid til å kommentere saka i dag.

SISTE NYTT

Siste nytt