Det var for to veker sidan av den islamistiske terrororganisasjonen Boko Haram bortførte over 200 jenter frå ein skule i det nordlege Nigeria. I dag kom det fram at fleire av jentene har vorte tvangsgifta med krigarar frå organisasjonen.
Onsdag marsjerte fleire tusen nigerianske kvinner utanfor nasjonalforsamlinga i hovudstaden Abuja med krav om at regjeringa og hæren må gjere meir for å sette fri dei bortførte jentene.
LES OGSÅ:
Nådde ikkje målet
Kraftig regn i Abuja onsdag ettermiddag gjorde at arrangøren av demonstrasjonen ikkje nådde målet sitt om å samle ein million kvinner i kravet om handling for at skulejentene blir sette fri. Marsjen har vore promotert på Twitter under hashtagen #BringBackOurGirls#.
Demonstrantane, både kvinner og menn, bar plakatar med bodskapen «Finn døtrene våre» og liknande. Dei fleste var kledde i raudt, og ein av organisatorane bak marsjen, Hadiza Bala Usman, seier til AFP at demonstrasjonane utanfor nasjonalforsamlinga vil halde fram heilt til jentene er sette fri.
– Vi vil også krevje å få møte presidenten, om ikkje regjeringa forpliktar seg til å redde desse jentene, seier ho blant anna.
– Gir oss ikkje
Ein av dei andre initiativtakarane til protesten, tidlegare visepresident i Verdsbanken Obiageli Ezekwesili, seier at dei ikkje har tenkt å gi seg før militæret set i verk ein skikkeleg redningsaksjon. Ho braut saman i gråt fleire gonger under demonstrasjonen.
Mange kritisere også nigerianske massemedia for å bry seg for lite om saka med dei bortførte jentene.
Mange foreldre har reagert sterkt på den nigerianske hæren si manglande vilje til å prøve å redde jentene. Ein av fedrane, Sambido Hosea, fryktar at mødrene sjølve vil gå inn i jungelen for å leite etter døtrene sine. Då vil også mennene følgje etter, seier han.
– Vi har ikkje våpen, og du veit korleis desse hjartelause mennene i Boko Haram vil reagere på det, seier Hosea. Han fryktar at det kan føre til at heile lokalsamfunnet der jentene høyrer til blir radert ut.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Over heile landet
Det har vore liknande demonstrasjonar i fleire andre byar i Nigeria. både i nord og sør, blant anna i Kano, som ligg i eit område der Boko Haram har vore svært aktive dei siste åra. President Goodluck Jonathan er sett under stadig sterkare press dei siste dagane.
Det blir oppgitt ulike tal for kor mange jenter som vart bortførte frå skulen i Chibok i den nordaustlege delstaten Borno. Guvernøren i Borno seier at 129 jenter vart kidnappa og at 52 av dei har greidd å rømme.
Dette talet blir avvist at lokale innbyggjarar i Borno, blant dei rektoren ved skulen der jentene gjekk.
Han seier at 230 jenter i alderen 16–18 år vart bortførte, og at 187 framleis blir haldne fanga på ukjend stad.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: