Hopp til innhold

Krev hastemøte om Syria i FN

Syriske opposisjonsgrupper krev at Tryggingsrådet i FN held eit hastemøte om situasjonen i landet. Dei to siste dagane er minst 200 menneske drepne.

Video Ny blodig dag i Syria

VIDEO: Ny blodig dag i opprørsbastionen Homs.

Den viktigaste opposisjonsgruppa i Syria, SNC, seier at 250 menneske er drepne i løpet av dei siste 48 timane. Dei krev at Tryggingsrådet held eit krisemøte for å diskutere det dei kallar den syriske hæren sine massakrar i Zawiyah-fjellet, i Idlib-distriktet og i Homs.

Også i går var det ein svært blodig dag i Syria , spesielt i Idlib-distriktet.

Skyting mot demonstrantar

Syrisk soldat blir kasta i veret.

Ein syrisk soldat viser sigersteiknet medan han blir kasta i vêret under ein støttedemonstrasjon i Damaskus.

Foto: Muzaffar Salman / Ap

Videoen over skal vise skyting mot demonstrantar i storbyen Homs, ein by som har vore eit senter for oppstanden mot Assad-regimet. Ein mann som sat bak rattet i den parkerte bilen sin, skal ha blitt skoten av ein snikskyttar.

SNC krev også eit nytt krisemøte om Syria i Den arabiske liga, og ber ligaen samarbeide med Tryggingsrådet om å ta dei nødvendige stega for å verne syriske sivile. Dei ber om oppretting av sikre soner i Syria, og at soldatane trekkjer seg tilbake frå ein del område.

Samstundes har USA åtvara den syriske regjeringa om at det kan bli iverksett nye internasjonale tiltak for å stanse blodbadet i landet. I ei frå segn frå Det kvite hus heiter det at Syria har brotet løftet om å stanse valden, og om å trekkje tryggingsstyrkane sine tilbake frå bustadområde.

LES OGSÅ: - 60-70 desertørar drepne i Syria

– Utanlandske krefter

Stor støttedemonstrasjonen for Bashar al-Assad i Damaskus.

Fleire tusen menneske deltok i ein støttedemonstrasjon for Bashar al-Assad i Damaskus i dag.

Foto: LOUAI BESHARA / Afp
Assad

Syrias president Bashar al-Assad er hardt pressa både internt i Syria og frå utlandet.

Foto: - / Afp

Regimet til Bashar al-Assad skuldar opposisjonen for å samarbeide med utanlandske krefter som har som mål å undergrave fredsavtalen som vart inngått med Den arabiske liga tidlegare denne veka. Etter den avtalen skal 150 observatørar frå ligaen sleppe inn i morgon torsdag for å overvake situasjonen i landet.

Det er vanskeleg å danne seg eit fullstendig bilete av situasjonen i Syria. Utanlandske journalistar slepp ikkje inn i landet, og dermed er det berre regimet sin versjon som kjem fram, saman med det opposisjonsgruppene går ut med. Uavhengige rapportar er det vanskeleg å få ut.

5000 drepne

FN reknar med at rundt 5000 menneske er drepne i Syria sidan uroa starta i midten av mars i år.

I dag var det også ein stor demonstrasjon til støtte for Bashar al-Assad i hovudstaden Damaskus. Fleire tusen menneske deltok, og det vart ropt slagord også til støtte for den syriske hæren.

LES OGSÅ: Slaget og brannen som endret alt

LES OGSÅ: Russland foreslår FN-resolusjon mot Syria

SISTE NYTT

Siste nytt