- Saddam Hussein har ikkje kome med bevis for at dei ikkje har forbodne våpen, seier Blix.
Hans Blix og IAEA-sjef Mohamed el Baradei hadde i dag samtalar med den britiske statsministeren Tony Blair.
- Irak har ikkje vist tilstrekkjeleg samarbeidsvilje, og dersom Saddam Hussein ikkje endrar haldning, vil den neste rapporten frå våpeninspektørane avspegle denne frustrasjonen.
Det sa Blix etter at han og IAEA-sjef Mohamed ElBaradei hadde samtalar med den britiske statsministeren Tony Blair i dag.
- Tryggingsrådet meiner at Irak må vise ei drastisk haldningsendring i samarbeidet med våpeninspektørane før dei skal leggje fram den nye rapporten 14.februar, seier Mohamed ElBaradei.
- Vi håpar at Irak på dette seine tidspunktet vil kome med ein positiv respons. Viss dei ikkje gjer det, vil ikkje rapporten som kjem 14. februar bli det vi ønskjer at han skal vere, sa Blix.