Etterforskar i Europarådet, Dick Marty, la i desember fram ein rapport om ulovleg handel med menneskeorgan, som skal ha skjedd under krigen i Kosovo.
Rapporten var tema for diskusjon i Europarådet i dag. I ettermiddag vart det klart at Europarådet støttar rapporten og krev full gransking av saka, skriv nyheitsbyrået AFP.
Dei krev at styresmaktene i Albania og Kosovo innleier ei seriøs og uavhengig gransking av den påståtte organhandelen.
– For mange blinde auge har vore retta mot skuldingane om organhandel, seier etterforskaren Dick Marty i Europarådet.
– Ikkje eit angrep på Kosovo
– Det er vi som skal passe på at menneskerettane blir følgde, seier Marty.
Han legg vekt på at rapporten ikkje er eit angrep på Kosovo.
– Ofra var serbarar, som kosovoalbanarane kanskje såg på som forrædarar og fiendar. Men vi ser på dei først og fremst som menneske, seier Marty.
- Les:
– Drap i fangeleiren
Den 27 sider lange rapporten presenterer alvorlege skuldingar om det som skjedde under krigen i Kosovo i 1998 og 1999.
Den tidlegare leiinga for den kosovoalbanske frigjeringshæren (UCK) blir skulda for å ha drive med bortføring, avretting, organhandel og anna alvorleg kriminalitet under krigen.
Marty skriv mellom anna om ei gruppe som drap serbarar i fangeleirar i Albania, og at gruppa tok ut organa til dei drepne fangane og selde dei på svartebørsen.
Statsminister Hashim Thaci er mistenkt for å stå bak organhandelen.
Foto: VISAR KRYEZIU / Ap– Statsministeren visste
Han skuldar statsminsteren i Kosovo,
, saman med fire andre i den såkalla Drenica-gruppa i frigjeringshæren til Kosovo, for å vere knytte til desse handlingane.I Strasbourg i dag seier Marty at han aldri har påstått at Thaci var direkte involvert i organhandelen, men at «det er vanskeleg å tru at han aldri hadde høyrt om det».
Han seier også at internasjonale organisasjonar som har vore i Kosovo etter krigen, har valgt å sjå vekk frå påstandar om at slik organhandel skal ha føregått.
– Undersøkingane av kva som skjedde, har ikkje vore gode nok, seier han.
- Les også:
- Les også:
Les heile rapporten her:
(ekstern lenke)Nyrer på svartebørs
Også ifølgje tidlegare sjefspåklagar Carla Del Ponte ved Den internasjonale domstolen for brotsverk i det tidlegare Jugoslavia, skal serbiske krigsfangar ha blitt drepne for å kunne selje nyrene deira på svartebørsen.
I ei bok frå 2008 hevdar ho at fleire enn 300 personar vart kidnappa og frakta til Albania. Ingen har sett dei sidan, og dei skal ha blitt offer for organhandel, skriv ho.
Ho hevdar ho vart hindra i å etterforske toppane i frigjeringshæren.
Den private Medicus-klinikken i Pristina der organhandelen skal ha føregått.
Foto: VISAR KRYEZIU / Ap– Serbarar står bak
Thaci har
og Europarådet, og har truga med at dette kan få rettslege konsekvensar for dei.Også politiske motstandarar av Thaci støttar han. Dei hevdar det er serbarane og deira medhjelparar som står bak påstandane.
Kosovo erklærte seg uavhengige i 2008, til sterk motstand frå Serbia. 74 land har sagt at dei anerkjenner Kosovo som eit eige land.
Marty er derimot kritisk til at vestlege styresmakter ikkje har gjort ein innsats for å stille nokre av leiarane i Kosovo til ansvar for det som skjedde under krigen i 1998 og 1999.
«Dr. Frankenstein»
Ein av dei hovudmistenkte kirurgane, Yusuf Ercin Sonmez, går under namnet «Dr Frankenstein» i tyrkiske media.
Foto: Ibrahim Usta / ApLike før jul kom det også fram skuldingar om at det framleis føregår ulovleg organhandel i Kosovo.
Ifølgje skuldingane skal fattige menneske ha blitt lovd betaling i bytte mot sine eigne organ. Dei skal ha blitt frakta til Kosovo, men ha blitt drepne på operasjonsbordet.
Operasjonane skal ha skjedd på den private «Medikus»-klinikken i Pristina. Organa deira skal så ha blitt selde på den internasjonale marknaden for om lag 800.000 kroner per organ.
Ein av dei hovudmistenkte kirurgane er Yusuf Ercin Sonmez. Han vart
, men avviser alle skuldingar om at han skal ha vore med på organhandelen.- Les: