Hopp til innhold

Krev at politimannen blir stilt til ansvar

Familien til den drepne 18-åringen i Ferguson i St. Louis i USA krev at politimannen som skaut han blir arrestert. Guvernøren har i kveld oppheva portforbodet i byen.

Lesley McSpadden og Michael Brown.

Foreldra til Michael Brown, Lesley McSpadden og Michael Brown senior, ber om at politimannen som skaut sonen skal bli arrestert.

Foto: JOE RAEDLE / Afp

På ein pressekonferanse i Ferguson i ettermiddag norsk tid gjentok forsvararane til familien kravet om at politimannen må stillast til ansvar for det han har gjort.

Tidlegare i dag vart det avgjort å setje inn Nasjonalgarden for å prøve å skape ro i Ferguson, Missouri etter over ei veke med valdelege uro etter at 18-åringen Michael Brown vart skoten og drepen av politiet. Dette skjedde laurdag 9. august.

Drapet har skapt sterke reaksjonar over heile i USA, og mange meiner det var snakk om rasistisk motivert politivald. Michael Brown var ikkje væpna då han vart skoten, men det har kome opplysningar om at han hadde stole sigarettar inne på ein butikk.

Dr. Michael Baden viser kvar kulene gjekk inn.

Dr. Michael Baden viste på pressekonferansen kvar kulene trefte 18 år gamle Michael Brown.

Foto: JOE RAEDLE / Afp

Treft av seks skot

Police Shooting Missouri

18 år gamle Michael Brown vart skoten og drepen av ein politimann 9. august.

Foto: Anonymous / Ap

Ifølgje politiet vart Brown skoten og drepen under ein krangel om eit skytevåpen i ein politibil. Andre kjelder seier han vart skoten på opa gate.

Ein privat obduksjonsrapport fortel at han vart treft av minst seks skot, og at minst to av dei ramma hovudet. Eitt av desse skota var dødeleg, vart det opplyst på pressekonferansen.

Denne obduksjonen er gjennomført av dr. Michael Baden, som vart hyra inn av familien. Årsaka er at dei ikkje stolar på at den offisielle obduksjonen vil vere uavhengig.

Advokaten til familien seier at skota som vart fyrte av mot hovudet til 18-åringen åleine skulle vere nok til at politimannen burde bli arrestert

Det var ein kvit politimann som fyrte av skota mot Michael Brown, 28 år gamle Darren Wilson. Han er no teken ut av teneste medan saka blir etterforska.

Demonstrasjoner Ferguson

Det har vore alvorlege opptøyar i Ferguson i over ei veke etter drapet på 18-åringen Michael Brown.

Foto: Charlie Riedel / Ap

Vil ha slutt på valdsbruk

Familien til Michael Brown har bede om at det blir slutt på valdsbruken, men seier at dei støttar fredelege demonstrasjonar. Mora Lesley McSpadden sa til fjernsynsstasjonen ABC tidlegare i dag at det er heilt nødvendig at politimannen blir stilt til ansvar for handlingane sine.

Dette må til for at det skal bli slutt på uroa, sa ho blant anna.

Politiet seier at det er element blant demonstrantane som har kasta brannbomber og skote mot politiet. Dette er årsaka til at Nasjonalgarden no er sett inn. Guvernøren i Missouri, Jay Nixon, erklærte unntakstilstand i området, og han sa at Nasjonalgarden er sett inn for å sikre at innbyggjarane er trygge.

Portforbodet oppheva

I kveld blir det meldt at Nixon har oppheva unntakstilstanden og portforbodet.

– Nasjonalgarden og Trafikkpolitiet vil sørgje for ro og orden i Ferguson, og dei vil framleis slå ned på lovløyse og valdsbruk. Men det vil ikkje vere portforbod i dag, heiter det i ei fråsegn frå guvernøren. Han seier også at Nasjonalgarden vil arbeide under kommando frå trafikkpolitiet.

I kveld norsk tid bad også FNs generalsekretær Ban Ki-moon amerikanske styresmakter om å sikre retten til fredelege demonstrasjonar i Ferguson, og at ytringsfridomen blir garantert.

LES OGSÅ: Amnesty sender observatører til Missouri

LES OGSÅ: En person skutt i sammenstøt i Ferguson

SISTE NYTT

Siste nytt