Hopp til innhold

...men skrivemaskinen var ikkje død

Russiske styresmakter går til innkjøp av gammaldagse skrivemaskinar for å hindre overvaking og lekkasjar etter Snowden-avsløringane, ifølgje russisk avis.

Gammel skrivemaskin

Ved å bruke gammaldagse skrivemaskinar håpar Kreml på å stoppe lekkasjar av hemmelegstempla informasjon.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Det gamle papirbyråkratiet til Sovjetunionen får sin renessanse i Russland i kjølvatnet av lekkasjane frå Wikileaks, og Edward Snowden sine avsløring av massiv amerikansk overvaking, melder nyheitsbyrået AFP.

Den føderale vakttenesta i Kreml (FSO), som mellom anna har ansvar for å beskytte president Vladimir Putin, har planar om å bruke 90.000 kroner på 20 skrivemaskinar for bruk til hemmeleg kommunikasjon.

Dei seier det ikkje lenger er trygt å bruke datamaskinar til å behandle topphemmelege dokument.

Sporbar signatur

Alle skrivemaskinane kjem til å ha ein unik signatur, slik at det vil enkelt å spore kvar dokumenta stammar frå, ifølgje nyheitsbyrået.

Ei anonym kjelde fortel til den russiske avisa Izvestia at avsløringane om at NSA avlytta statsminister Dimitrij Medvedev under eit G20-møte i London førte til at russiske styresmakter bestemte seg for å auke bruken av papirdokument.

Russland reagerte sterkt på desse avsløringane, men uttalte at dei hadde midlar til å beskytte seg sjølv.

Barack Obama og Dmitry Medvedev

Avgjersla av å satse meir på skrivemaskinar etter avsløringar om at NSA overvaka Dimitrij Medvedev sin kommunikasjon under G20-møtet i London.

Foto: Ap

– Primitivt er best

Skrivemaskinar vert allereie nytta av forsvarsdepartementet og ulike tryggingstenester, ifølgje nyheitsbyrået RIA Novosti. Dei skal bli nytta for topphemmelege meldingar til presidenten eller forsvarsministeren.

– All form for elektronisk kommunikasjon er sårbar ved omsynet til nasjonal tryggleik, seier tidlegare sjef i FSO Niklai Kovalev til Izvestia.

Edward Snowden

Edward Snowden er etter alt og døme framleis på flyplassen i Moskva.

Foto: The Guardian / Reuters

– Det finst måtar å beskytte elektronisk kommunikasjon på, men det er aldri 100 prosent sjanse for at det vil virke. For å beskytte hemmeleg informasjon, er den primitive metoden den beste: ei menneskehand med ein penn eller ein skrivemaskin, seier Kovalev.

Snowden framleis i Russland

Varslaren Edward Snowden er etter alt å døme framleis på Sheremetyevo-flyplassen i Moskva, etter å ha flydd frå Hongkong. President Valdmir Putin har gjenteke ved fleire høve at russiske styresmakter ikkje har fått informasjon frå Snowden under det 19 dagar lange opphaldet hans på Moskva-flyplassen.

Snowden stadfesta sjølv at han ikkje har gitt informasjon til russarane ifølgje The Guardian.

SISTE NYTT

Siste nytt