Hopp til innhold

Kravde riksrett for Trump – trua med lynsjing

Kongressrepresentanten Al Green frå Texas har blitt trua med lynsjing etter at han gjekk ut og kravde at president Donald Trump må stillast for riksrett.

Al Green

Kongressrepresentanten Al Green frå Det demokratiske partiet har fått dødstruslar etter at han gjekk ut og kravde at president Donald Trump skal stillast for riksrett.

Foto: Pat Sullivan / AP

Green spelte av lydopptak av truslane under eit møte i rådhuset i Houston i går. Truslane vart ringde inn til kontora hans i Washington og Houston. Det er snakk om direkte dødstruslar og rasistiske angrep på Green.

Ein innringjar truar med å hengje Green i eit tre om han går vidare med forsøket på å få stilt Trump for riksrett. Ein annan seier at det er Green som bør bli stilt for riksrett, og at han deretter blir hengt.

– Ingen står over lova

«We will lynch all you fuckin' niggers. You'll hang from a tree», heiter det i ei av meldingane til Texas-politikaren.

Al Green kravde under eit møte i Kongressen sist onsdag at Trump må stillast for riksrett, etter at han hadde gitt FBI-sjef James Comey sparken.

– Eg gjer ikkje dette av politiske årsaker. Eg gjer det fordi det i dette landet er ingen som skal stå over lova. Og det gjeld også presidenten. Eg meiner at demokratiet vårt er i fare, sa han blant anna.

Alan Dershowitz.

Advokat og tidlegare Harvard-professor Alan Dershowitz meiner det ikkje er grunnlag for å stille Donald Trump for riksrett.

Foto: Sergei Chuzavkov / AP

Over 20 representantar i Kongressen, blant dei fleire republikanarar, har gått inn for å stille presidenten for riksrett, ifølgje Huffington Post.

– Desse truslane hindrar oss ikkje i å gå vidare, vi let oss ikkje skremme. Vi vil ikkje gjere noko anna enn det vi meiner er rett, og det er å få Trump stilt for riksrett.

New York Times: Trump kalte FBI-sjefen for en tulling i møte med Russlands utenriksminister

– Comey kjende seg kompromittert av Trump

– Ikkje grunnlag for riksrett

Advokaten og tidlegare Harvard-professor Alan Dershowitz er ein av mange amerikanske juristar som meiner det ikkje er grunnlag for å stille Trump for riksrett. Han er klar på at sjølv om skuldingane om band til Russland skulle stemme, så er det ikkje snakk om ei kriminell handling.

– Sjølv om skuldingane mot han skulle stemme, så har Trump neppe brote noko lov. Som president har han vide fullmakter til å dele den informasjonen han finn naudsynt, sa Dershowitz til CNN for nokre dagar sidan.

Han meiner at det i staden bør setjast ned ein kommisjon som skal granske det som har skjedd i saka.

Trump blir skulda for å ha prøvd å påverke FBI-sjefen til å stanse etterforskinga av den tidlegare nasjonale tryggingsrådgjevaren Michael T. Flynn og hans band til Russland. Trump sjølv avviser skuldingane.

– Trump for stolt til å bli stilt for riksrett

FBI-Comey stiller til høring i Senatet

SISTE NYTT

Siste nytt