- Etter det vi har sett, og rapportar frå vallokale over heile landet, er det ingen tvil om at tilhengjarar av Hosni Mubarak har drive omfattande valfusk, sa leiaren for Ghad-partiet, Ayman Nur, til nyheitsbyrået AFP i dag.
Utfordrar
Den sitjande presidenten Hosni Mubarak blir skulda for valfusk. (Foto: AP/Scanpix)
Nur var rekna for den sterkaste utfordraren til den sitjande presidenten Hosni Mubarak ved presidentvalet i går. Valet i går var det første med fleire kandidatar.
Tidlegare plukka nasjonalforsamlinga ut ein kandidat, og veljarane vart bedne om å gi si støtte til denne kandidaten.
Opposisjonen var likevel ikkje nøgd, og seier at valsystemet har favorisert den sitjande presidenten sterkt.
Det endelege resultatet frå presidentvalet i går er ikkje klart, og er tidlegast venta i løpet av kvelden.
President i 24 år
77 år gamle Hosni Mubarak har vore president i Egypt sidan 1981. Han tok over då president Anwar Sadat vart skoten og drepen av ytterleggåande islamistar same året. Det var på førehand venta at Mubarak ville bli attvald for ein ny seksårsperiode med god margin.
Leiaren for Hosni Mubarak sin valkamp, sonen Gamal Mubarak, seier at han ventar ein overveldande siger for faren.
Det er vanlegvis svært låg valdeltaking i Egypt. Det er ikkje kjent kor stor oppslutninga var om valet i går.