Hopp til innhold

Krass Putin truar Georgia

Russlands president Vladimir Putin gjekk knallhardt ut mot Georgia i dag, og skuldar landet for statsterrorisme.

Vladimir Putin kom i dag med krass kritikk av Georgia.
Foto: Itar-Tass Pool / Scanpix/AFP

Putin skulda i ein fjernsynssend tale Georgia for, ved hjelp av utanlandske støttespelarar, å provosere Russland.

Han sikta til arrestasjonen av fleire russiske etterretningsoffiserar tidlegare denne veka.

Putin sa ikkje kva andre land han meiner er Georgia sine støttespelarar i denne saka.

Georgias president Mikhail Saakashvili
Foto: STR / AFP

Etter møtet med dei nærmaste tryggingsrådgjevarane sine  heldt Putin fram den harde ordbruken:, og sa at Georgia sine handlingar i denne saka er statsterrorisme med gisseltaking.

Georgia seier at dei arresterte er spionar, og at dei har handla slik alle sjølvstendige statar ville gjort i same situasjonen.

 Talen i dag var Putins første reaksjon på striden med Georgia. Han skulda dei georgiske leiarane for å oppføre seg på same måten mot russiske statsborgarar som sjefen for Stalins hemmelege politi, Lavrenty Pavlovitsj Beria.

Beria, som til liks med Stalin sjølv var frå Georgia, var sjef for det hemmelege politiet KKVD som tok livet av  millionar av sovjetborgarar under Stalin sitt styre.

Putin nemnde ikkje Georgias president Mikhail Saakashvili med namn, men det var tydeleg at han sikta til den pro-vestlege presidenten. Saakashvili kom til makta etter den såkalla Roserevolusjonen i 2003.

I går trekte Russland alle sine diplomatar ut av Georgia, og landet stansa den gradvise tilbaketrekkinga av russiske styrkar frå Georgia. Frå før har landet kalla heim ambassadøren sin frå Tiblisi.

Krisa mellom Russland og Georgia er den mest alvorlege sidan Georgia vart sjølvstendig etter Sovjetunionen sitt samanbrot.

 

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt