Siste krampetrekning for regjering i Hellas

Den greske presidenten Karolos Papoulias er i dag i møte med leiarane i dei tre største partia i Hellas, i eit siste forsøk på å danne ein koalisjon og unngå nyval. Eit nytt val set eurosamarbeidet på spel.

Sosialistleiar Evangelos Venizelos møter president Karolos Papoulias

SISTE FORSØK: President Papoulias (t.h.) møter sosialistleiaren Evangelos Venizelos i dag, før han skal møte dei to andre partileiarane i eit forsøk på å få til ein regjeringskoalisjon.

Foto: Aris Messinis / Ap

Alle tre partia som planla å danne koalisjon etter valet førre helg, dei konservative Nytt Demokrati, venstreradikale Syriza og sosialistiske PASOK har ikkje lukkast i å danne regjering.

LES: Hellas framleis utan regjering

LES: Kva kan no skje i Hellas?

I dag møter presidenten dei tre partia for å gjere eit siste forsøk på å samarbeide slik at det ikkje blir naudsynt med eit nytt val i det kriseramma landet.

Hellas kan miste euroen

Alexis Tsipras

NEKTAR: Leiaren av partiet Syriza vil forkaste redningspakken frå EU som inneber store kutt og innstrammingar.

Foto: YORGOS KARAHALIS / Reuters

Meiningsmålingar viser at veljarane er særs misnøgde med at dei aktuelle regjeringspartia godtek EU sine vilkår for å hjelpe Hellas i den pågåande eurokrisa.

LES: Tysk finansminister: Ingen eurokrise om Hellas ryker

LES: Stranda regjeringsforsøk i Hellas

Ei eventuelt ny avstemming vil kunne gjere at politikarar som er i mot vilkåra for samarbeidet med EU kan kome til makta, som dermed kan tvinge Hellas ut av euroen.

Vert ikkje einige

President Papoulias snakkar no med dei tre partia som fekk flest stemmer i valet førre helg, som alle prøvar å danne ei ny regjering.

Men ingen har klart å skrape saman ein koalisjon som skapar eit fleirtal i det greske parlamentet.

LES: Hva kan nå skje i Hellas?

LES: Børsane rasar etter europeiske val

Problemet verkar å vere det radikale venstrepartiet som insisterer på at den nye regjeringa må avbryte dei harde innstrammingstiltaka, som er vilkåra for at EU gir Hellas eit lån på 130 milliardar euro.

Kan bli anti-EU-koalisjon

Samtalane skal gå føre seg i løpet av dei neste dagane. Dersom dei ikkje klarer å danne ein ny regjeringskoalisjon, vil det bli nytt val neste månad.

Uvissa har skremt internasjonale kreditorar i Hellas, som insisterer på at landet må halde seg til EU sine vilkår for å framleis motta middel og unngå konkurs.

Venstreradikale Syriza har nekta å inngå kompromissar over vilkåra til EU.

Leiaren av partiet, Alexis Tsipras, gjekk til val på sin motstand mot redningspakken til EU, og betingelsane om innstrammingar og kutt.

Fleire småparti som har vore kritiske til krisehjelpa frå EU ser ut til å samle seg rundt Syriza.

Fleire meiningsmålingar viser at dersom det blir nyval, vil det radikale venstrepartiet mest sannsynleg ha mest støtte blant folket, og ein anti-EU-koalisjon kan verte resultatet.

Meiner EU bløffar

EU trugar med å kaste Hellas ut av Eurosamarbeidet dersom dei ikkje godtek vilkåra for å motta krisehjelp.

Det EU-kritiske partiet Syriza ønskjer likevel at Hellas skal halde på euroen, og meiner EU-leiingar bløffar når dei trugar med å fjerne landet frå valutaen dersom dei går tilbake på vilkåra for krisehjelp.

SISTE NYTT

Siste nytt

Det er 90 år siden Rios de Janeiros berømte Kristus-statue ble innviet.

Rios største kjendis fyller år

Kristus-statuen i Rio er Brasils mest berømte landemerke. Så selvsagt må det feires når den fyller 90.