Hopp til innhold

Kraftige opptøyar etter fleirtal for meir sjølvstyre i Aust-Ukraina

Det kjem meldingar om kraftige smell og demonstrasjonar i Kiev etter at ukrainske folkevalde måndag røysta ja til å gje dei prorussiske områda aust i landet større sjølvråderett.

Demonstrasjonar mot desentralisering i Kiev, Ukraina

Spørsmålet om å endra grunnlova for å gje prorussiske separatistar aust i Ukraina større grad av sjølvstende har ført til kraftige demonstrasjonar utanfor nasjonalforsamlinga i Kiev.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

Totalt 265 representantar røysta for grunnlovsendringa i denne første runden – 39 fleire enn minstekravet for å få gjennomslag. Resultatet kom etter ein oppheta debatt med protestar både på innsida og på utsida av nasjonalforsamlinga i den ukrainske hovudstaden Kiev.

Demonstrantane på utsida av parlamentsbygget har barka saman med politiet og det blir i ettermiddag rapportert om kraftige eksplosjonar. Journalistar på staden fortel om blodige menneske etter at det blei kastga ein granat.

Om lag 90 politifolk var måndag ettermiddag såra som følgje av opptøyane, ifølgje offisielle kjelder.

Ikkje endeleg

Grunnlovsendringa er eit ledd i ein vestligstøtta fredsavtale som blei signert i februar, og som medfører at Ukraina har forplikta seg til å desentralisera makta slik at områda i aust får meir sjølvstyre.

Det omstridde spørsmålet om desentralisering i regionane Donetsk og Luthansk er likevel ikkje endeleg avgjort før det har vore gjennom ein andre og siste røysterunde i nasjonalforsamlinga seinare i år. Der er det krav om støtte frå 300 representantar.

Lovendringa har blant anna støtte frå presidenten Petro Porosjenko og regjeringa hans. Koalisjonspartnarar, som blant anna tidlegare statsminister Julia Timosjenko, har ifølgje Reuters markert seg som motstandarar.

Konflikten i Aust-Ukraina har sidan april 2014 kosta rundt 6800 menneske livet, ifølgje FN. Førre veke blei ukrainske styrkar og opprørarane samde om å få ein slutt på den eskalerande valden innan den 1. september – datoen då borna i regionen begynner på skulane igjen etter ferien.

SISTE NYTT

Siste nytt