Hopp til innhold

Kraftige åtak på byen Homs

Kampane og åtaka i byen Homs i Syria vert skildra som dei verste på mange månader.

Homs under åtak

HOMS UNDER ÅTAK: Kampane i byen Homs vert skildra som dei verste på over fem månader.

Foto: The Associated Press

– Rundt daggry gjekk regimet berserk, og byrja å skyte vilt, seier ein aktivist til The Associated Press (AP) i dag, og held fram:

– Gjennomsnittleg kjem det fem rakettar kvart minutt.

Den korte Skype-rapportern kom for få timar sidan, og skildrar kraftige åtak frå regimet mot byen Homs, vest i Syria. Førebels er det ingen offisielle tal på drepne eller skadde.

Aktivistgruppa Syrian Observatory for Human Rights seier regimet gjekk til åtak med stridsvogner, granater og flyvåpen. Dei kallar kampane dei verste på fem månader.

– Store eksplosjonar no i Khaldiya-nabolaget etter luftåtak. Jagarfly går til åtak på Homs, seier ei mannsstemme på ein amatørvideo som er lasta opp på Youtube i dag.

Innhaldet skal òg vere frå i dag skriv nyheitsbyrået AP. Videoen dokumenterer ein eksplosjon, og den redde stemma skildrar det som skjer. Mannen seier dagens dato for å verifisere når det er frå.

Byen Homs har heilt sidan opprøret starta for snart 20 månader sidan vore kontrollert av opposisjonshæren. No har det syriske regimet starta ein offensiv mot byen som kan gje dei attende kontrollen.

Syriske styresmakter omtaler konsekvent opprørarane for terroristar, òg i dag. Ein statleg styrt TV-kanal uttalte i dag at regimestyrkar har «reinska eit nabolag i Homs for terroristar og leigesoldatar».

(The Associated Press, Al Jazeera)

SISTE NYTT

Siste nytt