Hopp til innhold

Kraftigaste tyfon på 25 år feiar over Japan

Ni er drepne og over 340 skadd etter tyfonen Jebi i Japan. Det meldast om store øydeleggingar.

ASIA-STORM/JEBI

UVER PÅ VEG: Bølgjer slår inn over fiskarlandsbyen Aki på vestkysten av Japan. Eit varsel om at tyfonen Jebi var på veg.

Foto: KYODO / Reuters

Tidleg onsdag morgon norsk tid vart tyfonen nedgradert til sterk storm. Då var ni personar drepne og 340 skadd etter uvêret.

Eit tankskip blei teke av vinden og øydela ei bru til den internasjonale flyplassen. Dermed vart rundt 3000 personar isolert over natta på øya der flyplassen ligg, ifølgje TV-kanalen NHK. Flyplassen var stengt og vil framleis vere det onsdag. 162 avgangar er kansellert. Kjellar og deler av rullebana er oversvømt.

1,3 millionar bustadar hadde ikkje fått tilbake straumen onsdag morgon.

206 kilometer i timen

Tyfonen er den kraftigaste stormen i Japan sidan 1993, ifølgje meteorolog Ryuta Kurora ved den nasjonale vêrvarslinga i Japan.

Uværet er det kraftigste i landet på 25 år.

Et lasteskip har truffet motorveibroen som leder til den internasjonale flyplassen i Kansai.

På morgonen tysdag slo den inn over byane Kobe, Osaka og Kyoto.

Vinden hadde ein styrke på 162 kilometer i timen, med vindkast på opp til 206 kilometer i timen, skriv Bloomberg.

Laster Twitter-innhold

Det var venta opptil 500 millimeter nedbør i Tokai-regionen og 400 millimeter i regionane Kinki og Kanto, inkludert Tokyo, fram til onsdag morgon.

Hardt råka

Næringslivet og industrien i Japan er allereie hardt råka. 350.000 bygningar skal vere utan straum og naudetatane førebur seg på å evakuere 680.000 menneske, om det blir nødvendig.

West Japan Railways har innstilt alle ruter i dei største byane på vestkysten, og 560 nasjonale og 13 internasjonale flyruter er innstilte.

Toyota og Honda har stoppa det meste av aktiviteten ved sine fabrikkar, også Panasonic og Shiseido har redusert aktivitet i dag, skriv Bloomberg news.

Også i juli vart Japan ramma av eit uver. Det tok livet av minst 226 personar, mens 10 personar framleis er sakna etter leirskred og store mengder nedbør. Det var den verste verkatastrofen på meir enn tre tiår.

SISTE NYTT

Siste nytt