Hopp til innhold

Kraftig uver i Europa - minst fire omkom

Minst fire menneske har mist livet i uveret som har ramma store delar av Europa nord for Alpane tirsdag. Det er ikkje målt så kraftig vind på fleire år i delar av Nederland og Tyskland.

Kraftig vind i München.

I den sørtyske storbyen München var det så kraftig vind at fotgjengarar vart kasta i bakken.

Foto: Sven Hoppe / Ap

Tre miste livet i Tyskland og ein i Nederland. Ein mann omkom i den tyske landsbyen Gross Santersleben då han hamna under ein betongvegg som kollapsa. I Motabaur omkom to vegarbeidarar då eit tre velta og fall over bilen dei sat i.

Germany Weather

Ein taubåt har fått problem i vinden på elva Elben nær byen Braunsbüttel.

Foto: Bodo Marks / Ap

I byen Ede i Nederland omkom ein mann då delar av taket på eit kjøpesenter fall ned på han. Uveret har fått namnet «Niklas».

Vindkast på 160 km/t

Den nasjonale vertenesta i Tyskland melder om vindkast på opptil 160 kilometer i timen i høgareliggjande område. I storbyen München i den sørlege delen av landet var vinden så kraftig at fotgjengarar og syklistar vart blåste over ende.

Rundt 140 flygingar frå den travle flyplassen i Frankfurt am Main i Tyskland vart innstilte på grunn av uveret, og på Schipol i Amsterdam vart 80 flygingar innstilte. I hamnebyen Rotterdam, Europas travlaste hamn, vart to konteinarterminalar stengde, og skip som låg ved kai måtte gå ut i open sjø.

Også vegtrafikken og jernbanen vart hardt ramma av uveret med vegar og jernbaneliner stengde av trefall.

Øydeleggingar etter stormen Niklas i Weilheim.

I den sørtyske byen Weilheim vart mange bilar øydelagde av flygande bygningsdelar.

Foto: Peter Kneffel / Ap
Vanskeleg for fotgjengarar i London.

Ikkje lett å vere fotgjengar med paraply i London under uveret.

Foto: STEFAN WERMUTH / Reuters

Følg uveret på Yr.no

Ramma fleire land

Uveret gjorde skade også i Belgia, Tsjekkia og Storbritannia. I Vissingen på grensa mellom Nederland og Belgia gjekk eit 300 meter langt skip på grunn, men taubåtar greidde å skipet flytande igjen.

I Storbritannia vart det natt til tysdag målt vindkast på 156 kilometer i timen. Ei av dei større bruene over Themsen var stengt i fleire timar på grunn av uveret, og det førte til trafikkaos i morgontrafikken.

Det er truleg gjort skade for fleire hundre millionar kroner i uveret, trur representantar for forsikringsselskapa.

Bilar dekte av presenningar i Praha.

Flygande metallpresenningar frå bygg i nærleiken landa på parkerte bilar i den tsjekkiske hovudstaden Praha.

Foto: MICHAL CIZEK / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt