NRK Meny
Normal

Kraftig tilspissing i Ukraina

Ukrainas statsminister Julia Timosjenko truar med ein ny oransjerevolusjon i tilfelle fusk under andre omgang av presidentvalet komande søndag.

Julia Timosjenko er sikker på seier i andre omgang.

Julia Timosjenko skuldar motstandaren for å planleggje valfusk.

Foto: Gro Holm / NRK

LES OGSÅ: Oransjealliansen som sprakk

LES OGSÅ: Hard kamp om tapernes velgere

LES OGSÅ: Utfordreren leder i Ukraina

Viktor Janukovitsj

VIktor Janukovitsj meiner Julia Timosjenko er hysterisk.

Foto: REUTERS/Grigory Dukor

Timosjenko har skulda rivalen sin ved valet, tidlegare president Viktor Janukovitsj for å planleggje valfusk.

Det har vore ein svært bitter valkamp i Ukraina, der begge sider har skulda kvarandre for å planleggje å sikre seg sigeren ved hjelp av fusk.

Mellom aust og vest

Timosjenko vil føre Ukraina i vestleg retning, medan Janukovitsj vil ha tettare samarbeid med Russland.

Julia Timosjenko sa på ein pressekonferanse i Kiev i dag at ho ville setje i gang ein andre oransjerevolusjon, ein revolusjon som ville bli enda sterkare enn det som skjedde i 2004.

Ho skulda partiet til VIktor Janukovitsj, Regionpartiet, for å ha trumfa gjennom ei ny vallov som vil gi han fordelar ved valet. Denne nye vallova vart vedteken av det ukrainske parlamentet i går.

- Om Janukovitsj vil ha ein ærleg kamp, er vi klare til å kjempe mot han. Men om han prøver å jukse, skal vi vise at vi kan kome tilbake på ein måte han aldri har sett før, sjølv ikkje i 2004, sa Julia Timosjenko.

LES OGSÅ: Ukrainerne velger trygghet

LES OGSÅ: Presidentkandidaten "Mot Alle"

- Hysteriske utspel

Regionpartiet sende i dag ut ei fråsegn der dei tilbakeviser skuldingane frå Timosjenko, der det heiter at dei hysteriske utspela hennar ikkje er anna enn rein lygn.

Julia Timosjenko leidde opprøret mot nettopp Viktor Janukovitsj etter valet i 2004, der han vart skulda for omfattande valfusk. Store folkemengder demonstrerte fredeleg i sentrum av Kiev mot den nyvalde presidenten, og det enda med at grunnlovsdomstolen avgjorde at det skulle haldast ein tredje omgang av presidentvalet.

Viktor Justsjenko har utlyst nyval i Ukraina i mai.

Viktor Justsjenko er på veg ut frå presidentkontora i Kiev.

Foto: GLEB GARANICH / REUTERS

Dette valet vart vunne av Viktor Justsjenko, som den gongen var alliert med Julia Timosjenko. Men i dag er forholdet mellom statsminister Tomosjenko og president Justsjenko svært dårleg.

Vraka av folket

Justsjenko stilde også i første omgang av presidentvalet, men fekk langt færre røyster enn Timosjenko og Justsjenko. Han greidde aldri å leve opp til lovnadene frå dei optimistiske revolusjonsdagane i 2004, og populariteten hans har falla dramatisk.

I dag bad statsministeren presidenten om å bruke makta si til å stanse lovforslaget som vart vedteke i parlamentet i går.

- Dersom presidenten godkjenner denne nye vallova, vil det blir dødsdommen over det ukrainske demokratiet og rettferdige val, sa Timosjenko blant anna på pressekonferansen i dag.

LES OGSÅ: En giftig spionhistorie

LES OGSÅ: Mot løsning på krisen i Ukraina

LES OGSÅ: Tilspissa maktkamp i Ukraina


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt