Hopp til innhold

Kraftig skyting ved presidentpalass

Det er rapportert om krafig skyting ved presidentpalasset i den tunisiske hovudstaden Tunis i kveld.

Omfatande uro i hovudstaden Tunis i Tunisia.

Det har også i dag vore omfattande uro i den tunisiske hovudstaden Tunis.

Foto: FRED DUFOUR / Afp

Det skal vere den tunisiske hæren som er i skotveksling med tidlegare medlemer av presidentgarden, opplyser militære kjelder til nyheitsbyrået Reuters. Skytinga blir karakterisert som kraftig og vedvarande.

Nokre meldingar går ut på at medlemer av prsidentgarden har forskansa seg inne i presidentpalasset.

Hæren er tungt til staddes i Tunis.

Hæren har i heile dag vore tungt til stades i hovudstaden Tunis og andre større byar.

Foto: Christophe Ena / Ap

Dette er første gong det er meldt om kampar mellom hæren og medlemer av vaktstyrken til den avsette presidenten. Presidentpalasset ligg i det velståande Kartago-området i utkanten av hovudstaden.

LES OGSÅ: Ben Alis sikkerhetssjef arrestert

LES OGSÅ: – Militæret har overtatt kontrollen

Plyndring og brannstifting

Tidlegare i kveld var det skyting mellom hæren og væpna personar ikkje langt frå den tunisiske sentralbanken. To personar som hadde forskansa seg på eit hustak, vart seinare skotne og drepne av hæren, melder tunisisk fjernsyn.

Også i dag har det vore omfattande plyndring og brannstiftingar både i hovudstaden Tunis og i andre byar i landet. Mange stader har folk danna forsvarsgrupper for å hindre plyndring i deira nabolag.

Det blir spekulert i om at det er tilhengjarar av den avsette presidenten som kan stå bak uroa.

Førsteammanuensis Marit Tjomsland ved Hemil-senteret ved Universitetet i Bergen seier til NTB at det verkar som at fleire tusen kriminelle er mobiliserte av det gamle regimet for å spreie frykt og terror.

LES OGSÅ: Tunisia på randen av kaos

LES OGSÅ: Norsk jaktlag satt fast i Tunisia

Velorganisert

Bandane har vore svært velorganiserte, og dei har nytta lastebilar og leigebilar til å køyre vekk tjuvgods. Det skal vere klare band mellom desse gruppene og den næraste krinsen rundt den avsette presidenten.

Spøresmålet er om det er den tidlegare presidenten og hans nærmaste støttespelarar som står bak, eller andre grupper i partiet.

Tryggingssjefen til eks-president Ben Ali, general Ali Seriati, vart arrestert i dag, mistenkt for å konspirere mot den nye leiarskapen i landet.

På det politiske plan blir det arbeidd på spreng for å få til ei nasjonal samllingsregjering. I går vart det varsla at ei ny regjering ville bli klar i løpet av dagen i dag, men i kveld blir det meldt at ei ny regjering truleg blir presentert i morgon.

Opposisjonelle i regjeringa

Seint søndag kveld kom det meldingar om at tre sentrale opposisjonspolitikarar vil få postar i den nye regjeringa. Najib Chebbi, grunnleggjar av opposisjonspartiet PDP, blir ny regional utviklilngsminister.

Ahmed Ibrahim, leiar for pariet Ettajdid, blir utdaningsminister, medan Mustafa Ben Jafar, leiar for den viktigaste fagforeninga i Tunisia, blir ny helseminister.

Både utanriksminister Jamel Morjane og innanriksminister Ahmed Friaa, som vart utnemnd så seint som sist torsdag, vil halde fram på sine postar.

Bilar blir stansa og sjekka for våpen i Tunis.

Hæren har oppretta mange sjekkpunkt. Her blir bilar gjennomsøkte på jakt etter våpen.

Foto: FRED DUFOUR / Afp

LES OGSÅ: Norsk jaktlag satt fast i Tunisia

LES OGSÅ: Presidentval i Tunisia innan 60 dagar

SISTE NYTT

Siste nytt