Hopp til innhold

Enorm skogbrann herjar turistområde i USA

Ein enorm skogbrann herjar fjellområda i den amerikanske delstaten Idaho. Brannområdet ligg tett opp til Sun Valley og Beaver Creek.

200 heimar er evakuerte i feriebyen Hailey, medan ytterlegare 1300 hus er evakuerte nord for byen. Det er mange eksklusive feriebustader i dette området. 37230 hektar landbruksjord og skog har blitt flammane sitt rov hittil, og brannvesenet har langt frå fått kontroll.

Varmt og tørt vêr

Sheriff Gene Ramsey i Blaine County og kollegaene hans gjekk i natt frå hus til hus i eit område nord for Hailey og bad folk evakuere

Skogbrann i Idaho i USA.

Brannfolk samla for eit informasjonsmøte, medan flammane herjar i bakgrunnen.

Foto: JIM URQUHART / Reuters

1600 brannfolk deltek i sløkkingsarbeidet i dag, og det blir brukt fly og helikopter i eit forsøk på å få bukt med flammane. Men tørt og varmt vêr, kombinert med vind, gjer at elden spreier seg svært fort.

Den enorme skogbrannen, som i amerikanske medium har fått namnet Beaver Creek-brannen, vart oppdaga 7. august. Sidan har eit bustadhus, eit brakkebygg og sju andre bygningar blitt flammane sitt rov i tillegg til dei store skogsområda.

Kan bli verre

Det er mykje folk på ferie i dette området no. Området er populært både sommar og vinter, og det er stor frykt for at brannen skal spreie seg også til byen Hailey. Vêrmeldingane ser ikkje lovande ut.

Det er varsla endå varmare vêr og endå sterkare vind i dagane som kjem, og det betyr at brannen truleg vil spreie seg ytterlegare.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt