I løpet av natta har Russland gjennomført luftangrep mot fleire ukrainske mål. Til saman skal det ha blitt sendt 54 dronar, der 52 er skotne ned, ifølge forsvaret i Ukraina, melder nyheitsbyrået Reuters.
Over 40 av desse dronane skal ha blitt skotne ned i Kyiv, melder den lokale militæradministrasjonen. Men dette har ikkje blitt stadfesta av uavhengige kjelder.
I løpet av natta har det vore fleire eksplosjonar i Kyiv.
Foto: ReutersRussland har så langt ikkje kommentert angrepet.
Kyiv-ordførar Vitalij Klitsjko seier at minst ein person er drepen og fleire er skadde etter angrepa mot den ukrainske hovudstaden. Fleire bygningar skal ha blitt øydelagt i angrepet.
– Angrepet er massivt, skreiv han på Telegram søndag morgon.
Skulle markere grunnlegginga av Kyiv
Russland har dei siste vekene trappa opp angrepa mot den ukrainske hovudstaden, i eit forsøk på å bryte ned forsvarsverket til byen.
Angrepet i natt skal ha vore blant dei største droneangrepa mot Kyiv sidan krigen starta i fjor, og kjem samtidig som at byen skulle ha markert Kyiv-dagen, som i år skulle feire at det er 1541 år sidan byen blei grunnlagt.
– Ukrainas historie har lenge irritert dei usikre russarane, seier president Volodymyr Zelenskyjs stabssjef Andrij Jermak på Telegram, ifølge Reuters.
Dagen blir vanlegvis feira med konsertar og utstillingar. Det var planlagt fleire arrangement også i år, men i ein langt mindre skala enn det som har vore vanleg.
Venter på motoffensiven
Ukraina skal ha planlagt ein motoffensiv mot Russland i fleire månader. Men han har blitt utsett medan dei ventar på å få militært utstyr frå vestlege allierte og lært opp ukrainske soldatar.
Laurdag fortalde Oleksij Danilov i Ukrainas nasjonale tryggings- og forsvarsråd i eit intervju med BBC at offensiven kjem snart.
– Dette er ei historisk mogelegheit vi ikkje kan la gå frå oss, slik at vi kan bli eit uavhengig og stort land i Europa.
Han vil ikkje seie nøyaktig når angrepet skal starte, men at det kan skje» i morgon, overmorgon eller i neste veke».
Oleksij Danilov i det ukrainske tryggings- og forsvarsrådet seier det snart kjem ein motoffensiv mot dei russiske styrkane.
Foto: Reuters