Kraftig nedgang – men desse landa har dødsstraff framleis

I 2018 gjekk talet på avrettingar i verda ned med nesten ein tredel samanlikna med året før, ifølgje Amnesty. Dei har ikkje sett så låge tal det siste tiåret.

Demonstrasjon mot dødsstraff i Egypt

Talet på dødsdommar i Egypt steig med over 75 prosent i 2018 samanlikna med året før. Biletet er frå ein demonstrasjon i mars utanfor det egyptiske konsulatet i Istanbul i Tyrkia. Demonstrantane oppmoda Egypt til å stanse avrettingane.

Foto: OZAN KOSE / AFP

I 2017 blei det utført minst 993 avrettingar. I 2018 har dette falt til minst 690. Det er ein reduksjon på 31 prosent, viser Amnesty Internationals årlege rapport om dødsstraff, som dei presenterer onsdag.

Generalsekretær i Amnesty Norge, John Peder Egenæs, seier det er gledelege tal.

– Dette er ein tendens vi har sett dei siste åra, og det er gledeleg at det var ein så kraftig nedgang i fjor.

Ein viktig grunn til denne nedgangen er endra praksis i bruken av dødsstraff i fleire av verstinglanda.

Lovendring i Iran

Jon-Peder Egenæs

Generalsekretær John Peder Egenæs i Amnesty Norge meiner tala i den nye dødsstraffrapporten til Amnesty viser at stadig fleire statar no går bort frå dødsstraff som straffemetode.

Foto: Amnesty

Iran er framleis det landet som har flest rapporterte avrettingar i løpet av eit år. Men i 2017 endra dei straffelova når det gjaldt narkotikalovbrot. Det førte til at talet på avrettingar i landet blei halvert. Også andre land har innført nye lover som har ført til mindre bruk at dødsstraff.

– Det er gir grunn til optimisme, og tru på at stadig fleire statar innser at dødsstraff ikkje høyrer heime i eit moderne samfunn, seier Egenæs.

Samtidig er det enkelte land som har auka talet på avrettingar eller som har teke opp att eller sagt dei vil ta opp att dødsstraff. Men det uroar ikkje Egenæs.

– Vi ser at tala kan svinge i enkeltland. Dette skuldast ofte politiske svingingar eller spesielle hendingar som fører til auka bruk av dødsstraff. Men hovudtendensen dei seinare åra er at bruken av dødsstraff går ned.

Unnataket frå tendensen dei siste åra er 2015 då talet på avretta brått gjekk opp. Ei forklaring på det var blant anna at Pakistan avretta mange etter ein skulemassakre året før.

Avrettingsmetodar i 2018

Halshogging

Saudi-Arabia

Elektrisitet

USA

Henging

Afghnistan

Botswana

Egypt

Iran

Irak

Japan

Pakistan

Singapore

Sør-Sudan

Sudan

Giftsprøyte

Kina

Thailand

USA

Vietnam

Skyting

Kviterussland

Kina

Nord-Korea

Somalia

Jemen

Taiwan

Kjelde: Amnesty International

Kinesisk uvisse

Men dei reelle tala er truleg langt høgare. Fleire land vil ikkje fortelje kor mange avrettingar dei gjer i løpet av eit år. Det er difor vanskeleg å seie kor mange som er drepne i desse landa.

Kina er eitt av landa som ikkje ein del av rapporten. Her blir avrettingar rekna som statshemmelegheiter. Men ifølgje Amnesty International kan det vere snakk om mange tusen avrettingar i løpet av eit år.

– Det blir truleg avretta fleire i Kina i løpet av eit år enn resten av verda til saman. Dei kinesiske styresmaktene seier talet på avrettingar har gått ned, men det er usikkert, seier Egenæs.

Kvinne dømt til døden i Kina

35 år gamle Mo Huanjing blei funnen skuldig i mordbrann og dømd til døden. Ho blei avretta i september i 2018. Men Kina vil ikkje seie kor mange avrettingar dei har totalt i løpet av eit år. Landet er difor ikkje ein del av Amnesty-rapporten som kom onsdag.

Foto: - / AFP

Trass i halvering av talet på avrettingar, er Iran framleis det landet som avrettar flest menneske etter Kina. Dei står for rundt ein tredel av dei rapporterte avrettingane.

Vidare følger Saudi-Arabia, Vietnam og Irak på lista over landa som avrettar flest i løpet av eit år.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt