Hopp til innhold

Fryktar høge dødstal etter jordskjelv i Italia

Eit jordskjelv målt til 6,0 har gjort stor skade i det sentrale Italia. Mange bygningar har rasa saman i Amatrice og fleire andre byar, og redningsmannskapa leitar i ruinane i håp om å berge flest mogleg. Sivilforsvaret opplyser at 38 menneske er døde, men talet er venta å stige kraftig.

Redningsmannskap, familie og venner graver i ruinene og håper på å finne overlevende etter jordskjelvet i Italia onsdag morgen. Dødstallene stiger. Den lille byen Amatrice er blant de verst rammede.

VIDEO: Sjå dei dramatiske bileta frå Amatrice.

Senter for skjelvet var 10 kilometer søraust for byen Norcia i regionen Umbria. Det ramma klokka 04.36 i dag tidleg, medan det enno var mørkt. Redningsarbeidet er no i full gang, og mange overlevande er berga ut av ruinane.

Skjelvet var grunt, rundt 10 kilometer, og det har ført til omfattande skadar. Byane Accumoli, Amatrice, Posta, Pescara del Tronto og Arqata del Toronto ser ut til å vere hardast ramma.

Jordskjelv i Amatrice.

Hjelpemannskap har starta arbeidet med å finne overlevande i ruinane i byen Amatrice.

Foto: STRINGER / Reuters

Det er mange feriegjestar i dette området av Italia på denne tida av året, slik at det truleg er mange fleire innbyggjarar i dei ulike byane enn normalt.

Ordføraren i Accumoli seier at ein familie med to vaksne og to born har mist livet der, medan to er døde i Pescara del Tronto. Situasjonen er framleis uoversiktleg, meir enn fem og ein halv time etter skjelvet.

Bestemor: – Barnebarna mine er inne i ruinene

– Mesteparten av byen borte

Ordføraren i den historiske byen Amatrice, Sergio Pirozzo, seier til det statlege fjernsynet RAI at alle vegar inn til byen er øydelagde, og at tre firedelar av byen er «borte». Byen ligg rundt 130 kilometer nordaust for Roma.

– Det er menneske under ruinane, mange hus er rett og slett borte. Det har vore jordskred, og ei bru står i fare for å kollapse. Vi treng hjelp straks, seier han.

Han fortel at straumen er borte, og at dei treng tungt utstyr for å fjerne bygningsrestane før dei kan kome til dei som er fanga i ruinane.

Ordførar Aleandro Petrucci Arqata del Tronto seier at nesten alle bygningane i landsbyen er øydelagde i skjelvet. Det er vel 130 innbyggjarar i landsbyen, og styresmaktene har ikkje kome i kontakt med rundt 100 av dei.

Sivilforsvaret i Italia seier at jordskjelvet er alvorleg og at dei har fått inn mange rapportar om øydeleggingar. Dei har helikopter i lufta for å få ei oversikt over skadane. Skjelvet vart merka så langt unna som i Roma.

Berre ein time etter det første skjelvet kom eit etterskjelv med ein styrke på 5,4.

Jordskjelvskader i Amatrice
Foto: FILIPPO MONTEFORTE / Afp

Norske Kari nær jordskjelvet: – Jeg våknet av et forferdelig bråk

Eksperter: – Velkjent jordskjelvutsatt område

– Senga vandra rundt

– Det var eit kraftig skjelv. Det var som om senga vandra rundt i rommet medan vi låg der, seier Lina Mercantini frå byen Ceselli til Reuters. Olga Urbani frå nabobyen Scheggino seier at det var ei forferdeleg oppleving.

– Veggane skaka og bøkene fall ut av bokhyllene, seier ho.

Matteo Berlenga, som bur like utanfor byen Gubbio, seier at det er det verste jordskjelvet han har opplevd.

Ordføraren i Accumoli, Stefano Petruci, seier at ein tragedie har ramma.

– Det er ein katastrofe. Vi har ikkje elektrisitet, telefonnettet er nede og redningsmannskapa har ikkje kome fram enno. No når dagslyset har kome ser vi at det faktisk er endå verre enn vi trudde, sa han til AFP ved sjutida.

Italienske styresmakter seier at det ikkje har kome meldingar om store skadar i større byar og dei mest innbyggjartette områda.

Jordskjelv i Amatrice i Italia.

Store øydeleggingar i byen Amatrice. Mange er fanga i ruinane etter samanraste hus.

Foto: STRINGER / Reuters
Jordskjelv i Amatrice.

Ein skadd mann blir teken bort på båre i den hardt ramma byen Amatrice.

Foto: FILIPPO MONTEFORTE / Afp

Ofte jordskjelv

US Geological Survey (USGS) seier det er stor fare for at mange har vorte skadde i skjelvet, som vart meldt ved 04.30-tida, og at det er gjort stor materiell skade.

Eit skjelv målt til 6,3 i Aquila-regionen i Italia i 2009 førte til at over 300 menneske miste livet. I 2012 omkom 23 menneske i to jordskjelv med ti dagars mellomrom i Nord-Italia.

Ein talsmann for statsminister Matteo Renzi skriv på Twitter at regjeringa er i kontakt med det sivilforsvaret etter skjelvet.

Pressetalskvinne Ane Lunde i Utanriksdepartementet seier til NRK at det ikkje er noko som tyder på at nordmenn er ramma av skjelvet, men at ambassaden i Italia jobbar mot italienske styresmakter for å få oversikt.

Saka blir oppdatert

Jordskjelv i Italia
Et jordskjelv målt til 6,2 har gjort stor skade i det sentrale Italia. Flere bygninger har rast sammen og mange er fanga i ruinane.

VIDEO: Mange fanga i ruinane av samanraste hus

Laster Twitter-innhold
italia - perugia

SISTE NYTT

Siste nytt