Hopp til innhold

Erklærer unntakstilstand etter jordskjelv i California

Eit jordskjelv målt til 7,1 i styrke ramma Los Angeles-området i USA fredag kveld. Guvernøren i California har erklært unntakstilstand i området.

Bakken har enno ikkje slutta å røre på seg. Sidan det kraftige jordskjelvet har det vore i snitt eit etterskjelv i minuttet, ifølgje USAs senter for geologiske undersøkingar (USGS).

Laster Twitter-innhold

Eit av desse etterskjelva har ifølgje forskarane hatt ein styrke på 5,6.

Styresmaktene åtvara mot at det kunne kome fleire nye etterskjelv, og har bede folk om å ta forholdsreglar. Guvernøren i California, Gavin Newsom, har erklært unntakstilstand i områda etter jordskjelvet, melder CNN.

Det kraftige skjelvet hadde senter under bakken nær Ridgecrest. Skjelvet som ramma California på torsdag hadde senter på same stad.

Kraftig skjelv

Skjelvet er det kraftigaste i området på over 20 år, og kunne merkast så langt unna som Mexico og nabostaten Nevada. Bård Idås, som er på ferie med familien i USA, seier til NTB at dei merka skjelvet godt i Las Vegas.

– Vi opplevde at hotellet svaia litt, og vi mista nesten balansen i rommet i 5. etasje. Familien sprang difor ned i lobbyen, saman med ein god del andre menneske.

Rune Gulbrandsen og familien ferierer i Buena Park like ved Anaheim, søraust for Los Angeles. Han seier til NRK at dei merkar stadige etterskjelv, og at mange no sjekkar ut av hotellet.

– Vi har førebels sett fem familiar som har reist.

Basketkampen mellom The New York Knicks og New Orleans Pelicans i Las Vegas blei også stoppa på grunn av skjelvet. Med berre åtte minutt att på klokka, blei spelarane sende i garderoben, og kampen utsett.

Basketkamp stoppa etter jordskjelv

STOPPA KAMPEN: Spelarar frå New Orleans Pelicans på veg i garderoben etter at basketkampen mot The New York Knicks i Las Vegas blei stoppa på grunn av jordskjelv i Sør-California.

Foto: Ethan Miller / AFP

Nyheitsankera på ein lokal TV-stasjon i Los Angeles var på lufta då jordskjelvet starta. Dei måtte avbryte sendinga og søke dekning under pulten til skjelvet var over.

Brann og stengde vegar

Ifølgje brannvesenet i Los Angeles har ingen mista livet eller blitt alvorleg skadde som følge av jordskjelvet. Men det er meldt om fleire mindre personskadar.

Det er heller ikkje meldt om større skadar på bygningar og vegar. Men fleire vegar er stengde på grunn steinar i vegbana, og gasslekkasjar har ført til brannar fleire stader i delstaten etter skjelvet.

Spreiddbygde område nært jordskjelvsenteret er hardast ramma.

Brent hus etter jordskjelv

BRANN: Det har brunne fleire stader i California etter det kraftige jordskjelvet laurdag morgon, norsk tid.

Foto: Marcio Jose Sanchez / AP

Jordskjelvsenteret var nærleiken av den amerikanske marinens testområde for bomber. Der er det meldt om skadar. Området blei ramma også under skjelvet torsdag. Då blei det meldt om store skadar med brannar, vasslekkasje og utslepp av farlege stoff.

Styresmaktene i California ventar no på dagslys for å få full oversikt over skadeomfanget denne gongen.

SISTE NYTT

Siste nytt