NRK Meny
Normal

Kraftig fall på målingane for Macron

Populariteten til Frankrikes president, som har fått tilnamnet Jupiter, har sokke med ti prosentpoeng på ein månad.

Emmanuel Macron

Emmanuel Macron har nokre tøffe månedar bak seg, og tøffare blir det når han skal prøve å få innført reformer i arbeidslivet.

Foto: CHARLES PLATIAU / Reuters

Populariteten til Frankrikes president har sokke frå 64 til 54 prosent den siste månaden, ifølge ei meiningsmåling frå Ifop publisert i Journal du Dimanche. Det er det største fallet for ein ny president på så kort tid sidan 1995, då Jacques Chirac sat i Elysée-palasset.

1947 franskmenn er intervjua mellom 17. og 22. juli. Også ei måling frå BVA viser ein liknande tendens.

Likevel ligg Macron godt an samanlikna med dei andre presidentane sidan starten av den 5. republikken. Kun Francois Hollande og Nicolas Sarkozy har hatt ein like høg popularitet, med høvesvis 56 og 66 prosent.

Forsvarssjefen gjekk av i protest

Sjølv om Macron segla inn som ein wonderboy i fransk politikk med si nyoppretta røsle «En Marche!» i fjor, og rørsla som hadde blitt til eit parti gjorde eit jordskjelvval i juni, var valdeltakinga låg, og dei tre første månadene ved makta har vore langt frå problemfrie.

Det siste var ein open krangel over forsvarskutt som førte til at forsvarssjefen, General Pierre de Villiers, denne veka gjekk av i protest.

Macron og forsvarssjefen

Emmanuel Macron, med forsvarssjef General Pierre de Villiers, på eit besøk til ein marinebase nær Brest 4.juli. To veker seinare gjekk de Villiers av, og skulda på Macron og hans "ungdommelege autoritarianisme"

Foto: STEPHANE MAHE / Reuters

Fleire ministrar har allereie gått pga. mistanke om misbruk av offentlege middel, trass i at Macron har gått hardt ut mot dei mange korrupsjonsskandalane som har prega fransk politikk, og forfekta ein «ny moralsk standard».

I tillegg får han kritikk for eit forslag til nye antiterrorlover som skal erstatte unntakstilstanden landet har vore i sidan terrorangrepa i november 2015.

Macron har også overstyrt sin eigen statsminister, som også får gjennomgå på meiningsmålinga med eit fall frå 64 til 56 prosent, ved å love skatteskutt i 2018. Og motstanden mot den planlagde reforma av arbeidslivet held fram frå venstresida.

Samanlikna seg sjølv med romersk gud

Den tidlegare medieyndlingen får også kritikk for sitt avmålte forhold til pressa. Macron har fått gjennomgå for uttalen frå presidentpalasset om at tankane hans er for komplekse for avisene som helst vil ha overskrifter. Dette kom som forklaring på at presidenten ikkje ville gjere det tradisjonelle tv-intervjuet på Frankrikes nasjonaldag 14. juli.

Macron med portrettet sitt

Presidenten med sitt nylaga portrett saman med dei øverste politiske leiarane frå Andorra. Han har fått tilnamnet "Jupiter-presidenten", delvis sjølvforskyldt.

Foto: POOL / Reuters

Og trass den unge alderen har Macron fått kritikk for å ha ein autoritær leiarstil. Som tidlegare franske presidentar har han allereie fått eit tilnamn; Jupiter-presidenten, med referanse til den romerske guden som var «gudane sin konge». Det var faktisk Macron sjølv som først trakk fram dette som eit ideal før han tok over presidentembetet, ifølge tv-kanalen BFM, ei uttale han seinare har prøvd å gå tilbake på.

– Dette er ikkje noko militærregime, her er inga Jupiter-ordrar, som nokre vil ha det til, sa han då han besøkte parlamentsmedlemmene frå partiet sitt denne veka, ifølge Senatets nettside.

Han held likevel fast på løftet om radikale endringar, sjølv om han seier at han veit at det ikkje vil bli lett. Fagforeiningane har allereie varsla generalstreik i september mot den nye arbeidsmarknadsreforma.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt