Om ein skal tru rapporten FN i dag la fram, så er det lite teikn på betring når det gjeld menneskerettar i Eritrea.
Noreg har i fleire år vore i kontakt med Eritrea om ein retur av norske asylsøkarar til det austafrikanske landet.
To regjeringar har vore i samtaler
Allereie i 2012 sa dåverande statssekretær i justisdepartementet Pål Lønseth (Ap) til Klassekampen at dei var i kontakt med Eritrea om ein returavtale.
Og i førre veke var ein delegasjon frå justisdepartementet, med statssekretær Jøran Kallmyr (Frp) i spissen, på besøk i Eritrea. Det var eit sjeldan besøk frå vestlege styresmakter til den lukka eittpartistaten.
Moglege endringar og oppmjuking av Eritreas militærplikt har fått den norske regjeringa til å sjekke moglegheitene for ein returavtale med diktaturet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Men først må Noreg ta ei vurdering av tilstanden i landet, sa statssekretær i justisdepartementet, Jøran Kallmyr til NRK i går.
Og i dag får han svar frå FN sin spesialobservatør til Eritrea, Sheila B Keetharuth, som legg fram ein menneskerettsrapport i Genève, slik FNs høgkommissær for menneskerettar har gjort fleire gonger dei siste åra.
Statssekretær i justisdepartementet, Jøran Kallmyr, var førre veke på besøk i Eritrea, og møtte deriblant landets justisminister Fozia Hazim. Ho viste han ein kopi av landets nye straffeprosesslov, som Kallmyr meiner er teikn på ei positiv utvikling. Her er Kallmyr (til høgre) saman med justisminister Hazim og Noregs ambassadør til Sudan Morten Aasland.
Foto: Privat– Granskingskommisjonen har funne systematiske, utbreidde og grove menneskerettsbrot som blir og har blitt utført i Eritrea under mandat frå regjeringa, slår den 484-siders lange rapporten fast.
- LES OGSÅ:
– Styresmaktene oppmodar til tortur
Dei som står bak rapporten hevdar også at Eritrea har operert etter «skyt for å drepe»-prinsippet langs landets grenser. Med andre ord hevdar dei at politiet langs grensene til Etiopia og Sudan har lov til å skyte folk som prøver å forlate landet ulovleg.
- LES OGSÅ:
Rapporten seier også at slaveliknande praksis og tortur er såpass vanleg at ein kan konkludere med at Eritreas styresmakter oppmodar til tortur.
– Kommisjonen konkluderer med at regjeringa er ansvarlege for utbreidd bruk av tortur påført eritrearar over heile landet, står det å lese i rapporten.
Den omstridde militærtenesta, som også Kallmyr og den norske regjeringa vil vite meir om, er også omtalt i rapporten.
(Saka held fram under biletet)
Ein mann vaier med det eritreiske flagget tilbake i 2000. Han feirar sjølvstende frå Etiopia. Men dei siste åra har det kome få bilete frå Eritrea, eit land som har blitt stadig meir autoritært og lukka for journalistar.
Foto: JEAN-MARC BOUJU / APFN får ikkje komme inn i landet
I rapporten omtaler FN ein person som hevdar han var i militæret i heile 17 år før han fekk til å flykte. Andre vitne fortel at menneske har blitt avretta fordi dei nekta å la seg verve til militæret. Dette skal ha skjedd så seint som i 2013.
- LES OGSÅ:
Eritrea har lenge blitt kritisert for å ha ei urimeleg land og hard militærteneste. Mange eritrearar har fått opphald i Noreg på grunn av denne militærtenesta.
Foto: STR / REUTERSFN sin spesialobservatør hevdar også at FN fleire gonger har forsøkt å få lov til å besøke Eritrea dei siste tre åra, utan hell.
Granskingskommisjonen har også sendt brev til eritreiske styresmakter og bedt om informasjon og samarbeid, men utan å få svar.
Mellom seks og ti prosent av verdas eritrearar er registrerte som FN-flyktningar, og i Noreg utgjer dei den tredje største flyktninggruppa, etter syrarar og somaliarar.
- LES OGSÅ: