Eksplosjonen skal ha funne stad klokka 10:50 lokal tid, som svarar til fredag ettermiddag i Noreg.
Minst 26 personar døydde i eksplosjonen. Ein spansk turist, ei gravid kvinne og ein mindreårig person er blant dei omkomne.
Laurdag var 45 personar innlagte på sjukehus.
Fleire etasjar av hotellet Saratoga er skadde. Bustadhuset ved sida av er alvorleg skadd og ein skule i nærleiken har mista dører og vindauge, skriv avisa 14Ymedio.
Ein kraftig eksplosjon skaka hotellet Saratoga, i Havanna på Cuba fredag.
Bilde frå staden viser store øydeleggingar og fleire vegger som er blåsne ut.
Leitar etter overlevande
Søke- og redningsarbeidet held fram ved hotellet, der det framleis skal vera folk som er fastklemde i ruinane.
Hotell Saratoga ligger ved Revolusjonsplassen, i Havannas gamleby.
Foto: ADALBERTO ROQUE / AFPStore folkemengder og redningsarbeidere var kjapt på stedet etter eksplosjonen.
Foto: ALEXANDRE MENEGHINI / ReutersDet kjente luksushotellet bar preg av store skader.
Foto: ALEXANDRE MENEGHINI / ReutersMinst fire personer skal ha mistet livet i eksplosjonen.
Foto: TwitterPresidenten, Miguel Díaz-Canel, var ved hotellet saman med statsminister Manuel Marrero Cruz, skriv presidenten på Twitter.
Fleire personar er døde etter eksplosjonen ved hotellet Saratoga.
Foto: Ramon Espinosa / APMogleg gasseksplosjon
Årsaka til eksplosjonen er ikkje stadfesta, men vitne seier at det var ein massiv eksplosjon. Lokale medium melder om at det kan vera snakk om ein gasseksplosjon.
– Det er ikkje noka bombe eller angrep. Det er ei tragisk ulykke, skriv president Miguel Díaz-Canel på Twitter etter å ha vore på synfaring på staden.
Ifølgje nettstaden Cubadebate blir det spekulert i om eksplosjonen kan vera knytt til overføring av flytande gass frå ein lastebil.
Den cubanske presidenten skriv på Twitter at førebelse undersøkingar viser at det var ein gasseksplosjon.
Bilete frå sosiale medium viser tydelege skadar på blant anna køyretøy i området rundt eksplosjonen.
Foto: TwitterNyheitsbyrået AP skriv at luksushotellet var stengd og under oppussing.
Ein liten butikk skal òg vera lagt i grus. Bilete viser også at mange folk har samla seg rundt dei øydelagde bygningane og at bussar og bilar utanfor hotellet også er øydelagde.
Norske borgarar
NRK har vore i kontakt med den norske ambassaden på Cuba.
Utanriksdepartementet seier til NRK at dei så langt ikkje har fått informasjon som betyr at norske borgarar er ramma.
– Utanriksdepartementet har kjennskap til at det skal vera eit mindre tal norske borgarar på Cuba. Norske borgarar er ikkje forplikta til å orientera oss om reise og opphald i utlandet, og det er derfor vanskeleg å seia kor mange nordmenn som no oppheld seg på Cuba, seier pressekontakt Ragnhild Håland Simenstad.
Eksplosjonen skjedde i sentrum av byen Havanna på Cuba.