Hopp til innhold

Kraftig eksplosjon i Istanbul: Etterlyst kvinne arrestert

Minst seks personar er drepne og 81 er skadde etter ein kraftig eksplosjon i handlegata Istiklal i Tyrkias største by søndag. Kvinna som var etterlyst etter eksplosjonen skal no vere arrestert.

Explosion in central Istanbul's Taksim area

Naudetatane kom til staden etter ein kraftig eksplosjon i den travle handlegata i Istanbul. Området er også populært blant turistar.

Foto: KEMAL ASLAN / Reuters

Det seier innanriksminister Suleyman Soylu til tyrkiske medium natt til måndag, ifølgje Reuters.

Han skuldar den kurdiske organisasjonen PKK, som er terrorlista av EU, for å stå bak bombeangrepet.

– Ifølgje våre undersøkingar er PKK-terrororganisasjonen ansvarleg, sa Soylu på ein pressekonferanse i natt.

Rundt klokka 14.20 norsk tid ramma ein kraftig eksplosjon hovudgata Istiklal i Istanbul i Tyrkia. Gata ligg i nærleiken av Taksimplassen.

Fleire tyrkiske medium melder om hendinga. Gata blei stengt og dei som var der frå før blei evakuert, skriv den tyrkiske avisa Sozcu.

Sikkerheitsstyrkar rykka også til staden.

Etterforska som terror

Minst seks personar er drepne og 81 er skadde etter eksplosjonen, ifølge visepresident Huat Oktay.

Explosion in central Istanbul's Taksim area

Kroppane til uidentifiserte personar ligg på bakken etter eksplosjonen i den travle handlegata Istiklal i Istanbul.

Foto: KEMAL ASLAN / Reuters

Rundt klokka 21 norsk tid, opplyste myndigheitene at 39 av dei skadde var skrivne ut frå sjukehuset.

Tyrkias helseminister Fahrettin Koca opplyser at fem er innlagt på intensivavdelinga. Tilstanden til to av dei skal vera alvorleg, ifølge Koca.

– Me gjer vårt beste for å sikra at dei skadde får tilbake helsa så snart som mogleg.

Tyrkias justisminister sa til nyheitskanalen A Haber at myndigheitene så langt veit om ei kvinne som sat på ein benk i 40 til 45 minutt. Ho lét etter seg ein sekk eller pose ved benken, og like etter ho forlét benken smalt det.

Natt til måndag melder tyrkiske medium at kvinna er gripen av politiet.

Hendinga blir etterforska som terror, opplyser Bozdag.

– Me gjer nå alt for å finna ut alt om ho. Me veit ikkje kven ho er, seier Bozdağ til A Haber.

Under ein pressekonferanse tidlegare søndag kveld, kalla president Recep Tayyip Erdogan eksplosjonen eit bombeangrep.

– Det ville vore feil å seia sikkert at dette er terrorisme, men ifølge den første informasjonen guvernøren formidla til oss, lukter det terror her, sa Erdogan.

Seinare sa visepresident Fuat Oktay at dei mistenkte eit terrorangrep, med ei kvinne involvert.

Explosion in central Istanbul's Taksim area

Politiet arbeider på staden etter den kraftige eksplosjonen som ifølge Tyrkias visepresident var ei sjølvmordsbombe.

Foto: KEMAL ASLAN / Reuters

– Manglar ord

Borgarmeister Ekrem Imamoglu i Istanbul skriv på Twitter at folk er knuste og manglar ord etter eksplosjonen.

– Eg sender mine djupaste kondolansar til offera sine familiar og kjære, og ønsker dei overlevande ein rask betring.

Skulle dette vera eit terrorangrep, vil det vera første gong terror rammar byen sidan masseskytinga på nattklubben Reina 1. januar 2017.

Myndigheitene har lagt ned eit forbod mot å publisera bilde og videoar frå eksplosjonen, etter eksplosjonen eller frå redningsarbeidet, skriv styresmaktene i ei pressemelding.

– Unngå sendingar som kan skapa frykt, panikk og uro i samfunnet og som tener formålet til terrororganisasjonar, skriv myndigheitene.

Istiklal er eit travelt handleområde der butikkane er opne til langt på kveld.

Turkey Explosion

Den travle handlegata Istiklal etter eksplosjonen søndag.

Foto: Emrah Gurel / AP

Livreddande førstehjelp

Bilde på sosiale medium som er tatt like etter den kraftige eksplosjonen, viser fleire alvorleg skadde og bevisstlause menneske.

Glasrestar frå knuste butikkvindauge ligg utover brusteinsgata, der klesbutikkar ligg på rekke og rad.

Allereie før redningsmannskapet rakk å koma fram til staden, viser bilda og videoane korleis forbipasserande prøver å gje livreddande førstehjelp.

Samtidig spring andre innbyggjarar for å koma seg i sikkerheit etter eksplosjonen.

Turkey Explosion

Folk hastar vekk frå handlegata etter eksplosjonen.

Foto: Can Ozer / AP

UD: – Ingen indikasjonar på at nordmenn er ramma

Norsk UD seier at dei førebels ikkje har indikasjonar på at nordmenn er ramma i eksplosjonen i Istanbul, skriv NTB.

Kommunikasjonsrådgivar i UD Ragnhild H. Simenstad ber norske borgarar som er råka eller treng bistand kontakta UDs operative senter på 23 95 00 00.

Ambassaden følg situasjonen og er i kontakt med lokale myndigheiter, seier ho til NTB.

– Utenriksdepartementet tilråder norske borgarar i Istanbul til å følga dei lokale myndigheitene sine tilrådingar, unngå store folkemengder og utvisa årvakenheit, skriv Simenstad til NTB.

Turkey Explosion

Politiet og sikkerheitsstyrker stengde gata og evakuerte området etter eksplosjonen.

Foto: Francisco Seco / AP

Sjokk

På Twitter skriv Nato-sjef Jens Stoltenberg at han er sjokkert.

– Sjokkerande bilde frå Istanbul. Mine tankar og djupaste kondolansar går til alle dei råka og det tyrkiske folket. Nato står i solidaritet med vår allierte Tyrkia, skriv han.

Representantar frå fleire land, mellom anna Tyskland og Pakistan, har uttala seg om eksplosjonen.

– Regjeringa og folket i Pakistan uttrykker sine djupaste kondolansar til broderfolket i Tyrkia med tapet av dyrebare liv og sender bønner for rask betring til dei skadde, skriv den pakistanske presidenten Shehbaz Sharif.

Tysklands utanriksminister har også fått med seg eksplosjonen.

– Forferdelege bilde kjem ut av Istanbul. Mine tankar går til menneska som berre ønska å rusla i handlegata Istiklal på ein søndag og blei ofre for ein forferdeleg eksplosjon, skriv Annalena Baerbock på Twitter.

I ein tidlegare versjon av saka skreiv NRK at justisministeren i Tyrkia sa det kunne vera snakk om ei sjølvmordsbombe. Det stemmer ikkje. Den tyrkiske justisministeren sa at myndigheitene trudde det var snakk om ein kvinneleg gjerningsperson som stod bak terroren.

SISTE NYTT

Siste nytt