Hopp til innhold

Kosovo eit skritt nærare EU

Kosovo har signert ein assosieringsavtale med EU, trass i at fem av landa i unionen endå ikkje har anerkjent det unge landet.

KOSOVO-SERBIA-POLITICS-DIVIDED-BRIDGE

EU I KOSOVO: Bygningsarbeidarar med eit EU-skilt på ei bru i byen Mitrovica som er i ferd med å byggast med EU-midler.

Foto: ARMEND NIMANI / Afp

– Denne avtala er starten på ein ny fase i forholdet mellom EU og Kosovo. Den er eit viktig bidrag til stabilitet og velstand i Kosovo og regionen for øvrig, sa EUs utanrikssjef Federica Mogherini under signeringa som fann stad i Strasbourg måndag.

Med det er landet som erklærte seg uavhengig frå Serbia i 2008 eitt steg nærare EU-medlemskap. Assosieringsavtala stiller krav til at styresett og andre samfunnsinstitusjonar innrettar seg etter EU sine standardar. Den opnar også opp for meir handel mellom unionen og det vesle landet på Balkan.

– Ein milepæl

Kosovos EU-minister Bekim Collaku kalla avtalen ein milepæl.

– Vi vil bli ein del av den europeiske familien både når det gjeld økonomisk integrasjon, men også når det gjeld felles verdiar, sa Collaku til nyhendebyrået AP måndag.

Sidan Kosovo erklærte seg uavhengig i 2008, til store protestar frå Serbia, har EU vore til stades i landet for å sørge for tryggleik og demokratisk utvikling. Det er ein stor serbisk minoritet i landet, og forholdet til den kosovo-albanske majoriteten har vore spent. Den serbiske delen i nord har seinare fått ein større grad av sjølvstyre.

I 2011 starta Serbia og Kosovo ein dialog i EU-regi, mellom anna om grensereguleringar, og i 2013 fekk EU i stand ein normaliseringsavtale mellom dei to landa, som også skulle legge grunnlaget for vegen mot EU-medlemskap for begge landa.

Kosovo vil i perioden frå 2014 til 2020 motta 646 millionar euro frå ein pott tiltenkt framtidige EU-medlemmer, skriv Bloomberg.

Uro innad i Kosovo

Statsminister Isa Mustafa omtala assosieringsavtalen som det første steg på ein lang veg, «støtta av våre innbyggarar og våre vener».

Kosovo Politics

MOT FORSONING MED SERBIA: Opptøyer utanfor parlamentet i Kosovo 23.oktober. Dette var andre gong parlamentet måtte stoppe møtet etter at opposisjonen brukte tåregass for å vise motstand mot ein forsoning med Serbia.

Foto: Ap

Dette er nok ikkje alle innbyggarane i det vesle landet einige i, og i alle høve ikkje opposisjonen til regjeringspartiet. Dei siste vekene har dei fleire gonger brukt tåregass i parlamentet for å hindre debatt om forsoning med Serbia.

Samstundes prøvar den nasjonalistiske presidenten i Serbia, Tomislav Nikolic, å stanse Unesco i å ta opp Kosovo som medlem.

SISTE NYTT

Siste nytt