Normal

Koser seg med nasjonalsongtabbe

70 kinesiske nettsider skriv om at Noreg spelte den sveitsiske nasjonalsongen feil, og Forsvarets stabsmusikkorps er vist på kinesisk TV.

CCTV sender nasjonalsangtabben på TV

Den kinesiske TV-kanalen CCTV sender den norske nasjonalsongtabben.

Foto: Faksimile

Då den sveitsiske presidenten Doris Leuthard besøkte Noreg i førre veke, overraska Forsvarets stabsmusikkorps med å spele feil versjon av den sveitsiske nasjonalsongen.

«Takk for sist»

No går tabben sin sigersgang i Kina, der 70 kinesiske nettaviser har omtalt saka og Forsvarets stabsmusikkorps er vist på TV.

  • Sjå klippet frå kinesisk TV her.

Kinesiske styresmakter er sterkt kritiske til at den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo vart tildelt Nobels fredspris.

Etter at tildelinga vart kjend, har Kina avlyst fleire møte med Noreg både i Kina og her heime.

Video: Feil nasjonalsong

Video Forsvarets stabsmusikkorps spilte feil nasjonalsang for Sveits

Kongen orsaka

Den sveitsiske delegasjonen fekk høyre «Oh, mein Heimatland», som var på lista over moglege nasjonalsongar fram til valet fall på «Schweizerpsalm» i 1961.

Musikkinspektør i Forsvaret, Arnstein Lund, ba straks om orsaking for tabben.

Også Kong Harald ba om orsaking for den overraskande mottakinga, og den sveitsiske ambassaden i Oslo tok imot det heile med godt humør.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt