Hopp til innhold

Krev at statsministeren går av etter korrupsjons-raid

Opposisjonen i Tsjekkia krev at statsminister Petr Necas straks må gå av, etter at politiet i natt gjekk til aksjon mot fleire regjeringskontor og arresterte ein nær medarbeidar av statsministeren.

Regjeringsbygningen i Praha.

Fleire hundre politifolk deltok i ransakinga av fleire regjeringskontor i Praha natt til torsdag.

Foto: MICHAL CIZEK / Afp

Det er politiet si avdeling for økonomisk kriminalitet som har gjennomført ransakinga av fleire regjeringskontor. Talsmann for politiavdelinga, Pavel Hantak, seier at 400 politifolk deltok i aksjonen.

Statsminister i Tsjekkia, Petr Necas.

Statsminister Petr Necas ser ingen grunn til å trekkje seg.

Foto: Michal Krumphanzl / Ap

Det vart gjennomført ransaking av statsministeren sitt kontor, forsvarsdepartementet og fleire andre regjeringskontor. Politiet har også raida rådhuset i Praha og heimane til fleire mektige forretningsmenn.

– 20 arresterte

Fleire er arresterte, nokre meldingar seier at så mange som 20 no er i politiet si varetekt. Jana Nagyova, som er kontorsjef hos statsministeren, er blant dei arresterte.

Jana Nagyova er ein svært nær medarbeidar av statsministeren, og ifølgje rykta i det politiske miljøet i Praha er forholdet mellom dei to ikkje berre profesjonelt. Så tett skal det vere at Nagyova blir sagt å vere årsaka til at Petr Necas er i ferd med å ta ut skilsmisse frå kona si.

Hantak seier i kveld at dei har etterforska saka i fleire månader. Statsminister Petr Necas sjølv avviser kravet frå Det sosialdemokratiske partiet om å gå av.

– Ingen grunn til å gå av

– Eg er over tydd om at eg ikkje har gjort noko ulovleg, det har heller ikkje medarbeidarane mine eller Jana Nagyova. Såleis er det ingen grunn for meg å vurdere å gå av og forårsake regjeringa sitt fall, seier Necas i ein kommentar.

Petr Necas har hatt kampen mot korrupsjon som ei av fanesakene sine sidan han inntok statsministerstolen i 2010.

Politiske observatørar i Praha seier at arrestasjonane i natt kan vere det som skal til for å velte sentrum/høgre-koalisjonen til Necas. Koalisjonen har alt overlevd heile sju mistillitsforslag i parlamentet.

Mykje korrupsjon

Korrupsjon har vore eit stor problem i Tsjekkia. Korrupsjons-vaktbikkja Transparency International plasserte Tsjekkia på 54. plass i kåringa av dei mest korrupte landa i verda. Tsjekkia kom verre ut enn blant andre Costa Rica og Rwanda.

Det økonomiske frisleppet etter Fløyelsrevolusjonen i 1989 har gitt Tsjekkia ein del utfordringar på dette feltet. Skuldingar om utbreidd korrupsjon har ramma dei fleste av regjeringane i landet, men ingen i ansvarlege stillingar i regjeringsapparatet har hittil vorte dømde.

LES OGSÅ: Regjeringskrise i Tsjekkia

LES OGSÅ: EU-pakten om gjeldskrisen møter problemer

LES OGSÅ: Høyrepolitiker blir ny statsminister i Tsjekkia

SISTE NYTT

Siste nytt