NRK Meny
Normal

Korea uroar seg for kamelvirus

Ein har stengd 700 skular i Sør-Korea og 1600 er i karantene etter spreiinga av viruset MERS dei siste vekene, opphavleg frå Midtausten.

Mers-utbrot i Sør-Korea

URO I SEOUL: Mange brukar ansiktsmaske, sjølv om sjukdommen ikkje skal smitte lett.

Foto: ED JONES / Afp

Utbrotet starta etter at ein sørkoreanar kom heim etter å ha besøkt fleire land på den arabiske halvøy, 20. mai. Ifølge WHO hadde han ikkje vore sjuk undervegs. Etter han kom heim besøkte han fire ulike sjukehus, og seinare har sjukdommen spreidd seg. Sidan det har rundt 1600 menneske vorte sett under karantene

Fem nye tilfelle vart bekrefta på torsdag, og det er med dette 35 bekrefta tilfelle. Dette gjer det til det største MERS-utbrotet utanfor Midtausten, der viruset vart oppdagai 2012. To har døydd av sjukdommen så langt.

Kamelar i Saudi-Arabia

SMITTEKJELDEN: WHO anbefaler å unngå kontakt med kamelar.

Foto: MOHAMED AL HWAITY / Reuters

Omfanget kom overraskande på myndigheitene ettersom viruset ikkje er kjend for å spreie seg. Etter kritikk for sein reaksjon frå myndigheitene si side, kalla president Park Geun-hye inn til eit krisemøte onsdag.

– Umiddelbar reaksjon etter nye smitsomme sjukdommar som MERS er veldig viktig, men det her har den umiddelbare responsen vore utilstrekkeleg, inkludert vurderinga over kor smittsamt det er, sa Park.

I hovudstaden Seoul er uroa stor, og mange brukar ansiktsmaske i offentlege rom. 7000 turistar har avbestilt turar til landet, dei fleste frå Kina og Taiwan, ifølge Koreas turistorganisasjon. WHO har ikkje anbefalt reiserestriksjonar så langt, og understrekar at sjukdommen ikkje smittar lett.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt