Hopp til innhold

Koran-brenning berre sett på vent

Pastor Terry Jones vil ikkje avlyse brenninga av koranar. Brenninga er berre mellombels utsett, seier han.

Video Utsetter koranbrenningen

Pastor Terry Jones vil likevel brenne Koranen.

Pastro Terry Jones

Kyrkjelyden med 50 medlemmer har fått stor merksemd frå heile verda dei siste dagane.

Foto: SCOTT AUDETTE / Reuters
Karzai meiner pastor Terry Jones må tenke seg om

Afghanistan-president Hamid Karzai ber pastoren tenke seg om to gonger før han brenn Koranen.

Foto: SHAH MARAI / Afp

– Vi må revurdere situasjonen. Brenninga er ikkje avlyst, den er berre utsett, seier Jones ifølgje nyheitsbyrået AFP.

I går kveld avlyste pastoren brenninga av koranar på årsdagen for terrorangrepa mot USA 11. september 2001.

Soldatar i fare

Han sa då at dette vart bestemt kort tid etter at han hadde snakka med forsvarsministeren i USA Robert Gates. Jones snudde i saka då Gates slo fast overfor han at koranbrenninga ville sette amerikanske soldatar i fare.

Han sa også at arrangementet vart avlyst fordi muslimske leiarar har gått vekk frå planane om å byggje eit islamsk senter og ein moské ved Ground Zero i New York.

Vil ikkje ha moské

Men då denne avtalen enno ikkje er spikra, har Jones sagt at han vil reise til New York for å møte imamen ved den aktuelle moskéen. Han håpar å gjere ein byttehandel.

– Det amerikanske folk vil ikkje ha moské der, og muslimar vil ikkje at vi skal brenne Koranen, seier han.

Men imamen har nekta å avlyse bygginga av moskéen som er planlagt reist to og eit halvt kvartal unna der World Trade Center stod fram til terrorangrepa i 2001.

Karzai: – Tenk deg om

Jones leiar den evangelisk kristne kyrkjelyden The Dove World Outreach Center i Florida. Han har varsla at han og dei 50 medlemmene av kyrkjelyden vil brenne totalt 200 eksemplar av Koranen utanfor kyrkja deira i byen Gainsville laurdag.

Laurdag er det ni år sidan angrepa mot World Trade Center og Pentagon.

I dag har Afghanistan-president Hamid Karzai åtvara Jones mot å brenne Koranen. Han ber Jones om å tenke seg om to gonger før han tenner på.

Planane har vekt raseri og fordømming i store deler av verda.

Fordømmer brenning

USA-president Barack Obama har åtvara mot kva konsekvensar brenninga kan få.

– Dette er ein rekrutteringsfest for al-Qaida, sa han til TV-kanalen ABC, og oppfordra pastoren til å vurdere brenniga på nytt.

Utanriksminister i USA Hillary Clinton fordømmer planane saman med NATO-generalsekretær Anders Fogh Rasmussen, EU, tidlegare presidentkandidat Sarah Palin og skodespelar Angelina Jolie.

Etter at brenninga vart kjent har kyrkjelyden likevel fått tilsendt fleire Koranar i posten.

SISTE NYTT

Siste nytt