Hopp til innhold

Koralløyene som påfører Storbritannia store diplomatiske nederlag

Storbritannia okkuperer Chagos-øyene og må overføre dei til Mauritius, meiner eit stort fleirtal av verdas land. Britane står meir og meir åleine i saka om øygruppas framtid.

X80002

Chagos-øyene ligg langt ute i Det indiske hav og var ein del av Mauritius fram til 1965. Øyene vart då britiske, og er i dag ein strategisk viktig stad for USAs militære.

Foto: Stringer . / Reuters

Chagos-øyene er nokre små koralløyer i Det indiske hav som vart skilde frå Mauritius i 1965. Mauritius meiner dei vart tvinga til å gå med på dette i bytte mot ei rekkje fordelar, men at det også var eit krav for at den afrikanske øya skulle bli sjølvstendig frå den britiske kolonimakta, noko landet også vart tre år etterpå.

Men Chagos-øyene, som ligg langt frå resten av Mauritius, heldt fram å vere britiske, og det er dei framleis. Motstanden mot britane sin kontroll av øyene har likevel halde seg levande fram til i dag.

AFP_18Q6AQ

Mange av dei som vart tvangsflytta frå Diego Garcia, som er den største av Chagos-øyene, har demonstrert i London. Her frå ein demonstrasjon i 2008.

Foto: SHAUN CURRY / AFP

Knusande FN-nederlag på rekke og rad

Denne veka vedtok FNs generalforsamling ein resolusjon som krev at Storbritannia gjev øyene tilbake til Mauritius. Resolusjonen vart vedteken med 116 mot seks stemmer. 56 land lét vere å stemme. Noreg var blant landa som støtta resolusjonen.

Det er eit endå meir knusande nederlag enn ei anna votering i 2017. Den gongen stemte 94 medlemsland for ein resolusjon som sa at ein skulle be Den internasjonale straffedomstolen sjå på saka. 15 land stemte mot den gongen, mens Noreg lét vere å bruke stemmeretten sin i 2017.

MAURITIUS BRITAIN CHAGOS

Nokre av dei tidlegare bebuarane på hovudøya Diego Garcia fekk i 2006 komme på besøk til øya. Det skjedde etter mange år med krav om å få sjå øya dei vart tvangsflytta frå på 60 og 70-talet.

Foto: HO / REUTERS

Domstolen har gjort det dei skulle, og kom i februar i år med eit utsegn som slo fast at også dei meiner Storbritannia må gje frå seg kontrollen over øyene. Dette førte til ein ny resolusjon som altså vart stemt over denne veka.

Ingen av vedtaka som vert gjort i FNs generalforsamling er bindande, og Storbritannia kan velje å ignorere utsegna – noko dei også har planar om å gjere. Men det er likevel eit stort diplomatisk nederlag for den tidlegare stormakta som bruker mykje ressursar på å tale si sak.

Vil løyse saka bilateralt

Debatten om Chagos-øyene har også ført til ein debatt om avkolonisering. Fleire tidlegare britiske koloniar har vore klare på at britane må gje frå seg kontrollen over øyene, mens Storbritannia meiner sjølv at det ikkje er snakk om kolonisering.

Dei meiner denne saka kan skape ein presedens som bør uroe alle land som er i same situasjon, der dei er ueinige med eit anna land om suvereniteten til eit område.

Britane meiner saka ikkje høyrer heime i FN, men er ei sak mellom Mauritius og Storbritannia.

AFP_18Q6C1

Frå den militære flyplassen på Chagos-øyene har mange amerikanske fly tatt av, mellom anna i retning Afghanistan og Irak då USA angreip landa på byrjinga av 2000-talet.

Foto: HANDOUT / AFP

Amerikansk militærbase

Storbritannia leiger i dag ut hovudøya Diego Garcia til USA, som har ein viktig militærbase på øya, der det også finst ein militær flyplass. Øya spelte ei viktig strategisk rolle under den kalde krigen, og var også eit viktig utgangspunkt for flyangrep mot Afghanistan og Irak på 2000-talet.

Men då basen vart bygd på 70-talet vart rundt 2000 menneske tvangsflytta, noko som har skapt uro fram til den dag i dag. Mauritius har sagt at USA skal få fortsette å drive militærbase på øyene også om suvereniteten blir overført frå Storbritannia til den afrikanske øystaten.

Storbritannia har fått støtte frå USA, men sjølv om dei to mektige landa har stått saman i saka, fekk dei berre støtte frå Israel, Ungarn, Australia og Maldivene i avstemminga sist onsdag.

Chagos

SISTE NYTT

Siste nytt