Det er endring på gang sentralt i Afrika. Eit av kontinentets største land inngår samarbeid med fleire naboland som dei tidlegare har krangla mykje med. Og ambisjonane for samarbeidet er store.
Den demokratiske republikken Kongo har hatt ein del å stri med sidan dei belgiske koloniherrane reiste frå Kongo i 1960. Belgiarane hadde aldri lagt til rette for at den store afrikanske staten skulle stå på eigne bein. Og dei som tok over makta klarte aldri å få til utviklinga landet trengde.
Resultatet har vore korrupsjon, autoritære presidentar, fattigdom, epidemiar, etnisk vald og konflikt er nokre stikkord som ofte har prega nyheitsdekninga av Kongo.
Det er spesielt aust i landet, mellom Kongos mange grønkledde åsar og vulkanar, at konfliktane har vore verst.
Men no er det endring på gang, og eit samarbeid med tidlegare fiendar er i ferd med å bli stabla på beina.
Tre soldatar patruljerar i Aust-Kongo. Det er i desse områda fleire militsgrupper herjar.
Foto: ALEXIS HUGUET / AFPNy president - nye samarbeid
Kongos nye president Felix Tshisekedi har gjort det klart at han ønsker å stake ut ei ny retning for landet.
Utbygging av det ganske så dårlege vegnettet er eit mål. Eit anna er å legge meir til rette for investeringar i landet som har flust av diamantar, gull, kobolt og andre mineral, men som også slit med korrupsjon og dårleg styresett.
Også ønskjer presidenten få til eit betre samarbeidet med nabolanda. Og difor vart Kongo nyleg medlem av EAC - East African Community, eit handelssamarbeid der Kenya, Tanzania, Sør-Sudan, Rwanda, Uganda og Burundi allereie var medlem.
For Kongo er det fleire fordelar ved å bli med i samarbeidet:
- Meir og enklare handel med nabolanda austover.
- Enklare for kongolesarar å krysse landegrensene austover.
- Billigare og betre telekommunikasjon mellom Kongo og nabolanda.
- Betre tilgang til Det indiske hav, og hamnebyane Mombasa i Kenya og Dar-es-Salaam i Tanzania. Dermed er også avstanden til den asiatiske marknaden langt kortare.
- Militært samarbeid i møte med opprørsgrupper som tidlegare har dratt nytte av å operere på tvers av landegrensene i regionen.
Kongo er nyaste medlem i handelssamarbeidet mellom statane i Aust-Afrika. Det er spesielt dei austlege delane av Kongo som har tette band til resten av Aust-Afrika.
Jernbane og veg
– Eg har alltid sett på EAC som den beste av dei regionale samarbeidsblokkane i Afrika, når det kjem til korleis menneske og varer kan fraktast rundt, og utviklinga av infrastruktur og handel.
Det sa Kongos president Felix Tshisekedi, ifølge RFI, då landet vart ønska velkommen inn i det austafrikanske fellesskapet for ein månad sidan.
Eit døme på korleis EAC ønskjer å samarbeide på tvers av grenser er planane om betre veg- og jernbanenett i heile regionen.
Byar som Juba i Sør-Sudan, Kisangani i Kongo, og Dar-es-Salaam i Tanzania representerer ytterpunkta i den ambisiøse jernbaneplanen.
Men planane har eksistert i fleire år allereie, og det er ein lang veg fram til noko som liknar på eit resultat. Førebels er det berre strekningar i Kenya som anten står ferdige eller er under bygging.
Fleire store infrastrukturprosjekt skal forbetre transporten og kommunikasjonen i Aust-Afrika. Snart står ein heilt moderne motorveg klar i Kenyas hovudstad, Nairobi.
Foto: SIMON MAINA / AFPTrøblete forhold til nabolanda
Kongos nye medlemskap i EAC betyr at dei skal samarbeide med nabolanda Rwanda og Uganda. Det er noko som ikkje har vore like lett dei siste 20 åra.
Når det gjeld forholdet mellom Uganda og Kongo er Allied Democratic Forces (ADF) eit nøkkelord. ADF er ei terrorgruppe, som har vist støtte til IS, og som i årevis har skapt masse konflikt i grenseområda mellom Uganda og Kongo.
Tidlegare har dei to landa peika på kvarandre. Mellom anna i 2018, då Ugandas president, Yoweri Museveni, gjekk hardt ut mot Kongo og skulda dei for å gjere for lite for å stanse ADF.
Men sidan den gong har Kongo fått ny president, dei to landa har klart å få til eit militært samarbeid, og Institute for Security Studies meiner no at Kongos nye medlemskap i EAC kan gjere det enklare for landa å samarbeide med å stanse ADF.
Dagleglivet er fullt av arbeid for mange kongolesarar. Her har eit par kvinner vore ute for å finne seg brensel.
Foto: GUERCHOM NDEBO / AFPRwandas president har ført krig i Kongo
Kongo blir no ønskja velkommen av Ugandas president, Yoweri Museveni. Og hans rwandiske presidentkollega, Paul Kagame, er også positiv.
– Å få til eit meir omfattande samarbeid i regionen vil avhenge av å forbetre institusjonar sin effektivitet og kostnadseffektiviteten til EAC. Rwanda er klare til å spele ei rolle i dette arbeidet, sa Kagame under møtet då Kongo vart ønska velkommen inn i EAC.
Også for Rwanda er det opprørsgrupper og væpna konflikt som har gjort forholdet til Kongo dårleg.
Folkemordet i Rwanda enda med at mange av dei som stod bak folkemordet flykta inn i nabolandet Kongo, som den gong heitte Zaïre.
Dei vart jaga dit av ein milits som var leia av Paul Kagame, som etter kvart vart president i Rwanda, og som er det framleis.
Men alle konfliktane i Rwanda forsvant ikkje for godt. Dei berre flytta seg over til Kongo og levde vidare i nye former. Dei som hadde stått bak folkemordet danna nye væpna grupper.
Det heile enda med at Rwandas nye regime, med Paul Kagame i spissen, invaderte Aust-Kongo i 1996 for å angripe desse gruppene.
I åra som fulgte var forholdet mellom dei to landa spent, og dei har begge skulda kvarandre for å støtte ulike væpna grupper.
No skal altså dei to nabolanda samarbeide.
Ei kopargruve i Kolwezi, langt sør i Kongo. Det mineralrike landet slit med korrupsjon og vanstyre, og dei store naturressursane har difor ikkje klart å gjere den vanlege kongolesar særleg rikare.
Foto: Gwenn Dubourthoumieu / AfpFredsforhandlingar i Nairobi
I tillegg til ambisjonar om å forbetre infrastruktur og handel, så ønskjer også EAC å bidra til meir fred i regionen. Og der er det teikn til framgang for tida.
Akkurat no går det føre seg fredsforhandlingar i Nairobi, der heile seks kongolesiske opprørsgrupper er inviterte til møter med den kongolesiske stat. Også Burundi, Rwanda og Uganda var representerte med sine presidentar.
Håpet er finne løysingar alle kan leve med, slik at langvarige konfliktar kan ta slutt.
Dei kenyanske fredsmeklarane, som er med på møta, sa denne veka at dei var optimistiske, og at fleire opprørsleiarar viste teikn til å ville legge ned våpena. Det skriv den kenyanske avisa The Star, som siterer landets utanriksdepartementet.
– Det er i stil med den kenyanske regjeringa, og regionale og internasjonale partnarar, å halde fram med å oppmode partane til å søke fred og stabilitet i Aust-Kongo. Det vil gagne det kongolesiske folk, men også heile det Aust-Afrika samfunn.