Hopp til innhold

Kongens nei til søstera: Prinsesse kan likevel ikkje bli Thailands statsminister

Kongens storesøster var statsministerkandidat i berre eitt døgn, fekk nei frå veslebror.

Thailand Politics

Prinsesse Ubolratana er kongens storesøster.

Foto: AP

Det var fredag at partiet Thai Raksa Chart nominerte kongens storesøster, prinsesse Ubolratana, til statsministerkandidat.

Prinsessa er den eldste dottera til avdøde kong Bhumibol. Veslebror reagerte umiddelbart.

– Upassande og grunnlovsstridig

Kong Maha Vajiralongkorn slo fast at det både var upassande og grunnlovsstridig om prinsesse Uboltratana skulle bli statsminister.

Det ville være i strid kongelege tradisjonar og nasjonenes kultur om eit høgtståande medlem av kongefamilien kom inn i det politiske system, heiter det i eit dekret der det blir slått fast at ingen medlemmer av kongefamilien bør involvere seg i politikk.

Ordren ble lesen opp av kongen sjølv på statleg fjernsyn, melder AP.

Maha Vajiralongkorn, konge i Thailand

Kong Maha Vajiralongkorn har bestemt at ingen medlemmer av kongefamilien bør involvere seg i politikk.

Foto: PORNCHAI KITTIWONGSAKUL / Afp

Stoppa valkampen

Ein talsmann for partiet kunngjorde i går kveld at partiet ville stoppe partiets valkamp og kome med ei kunngjering om partiets planar vidare. I formiddag slår altså partiet fast at prinsessa likevel ikkje er partiets statsministerkandidat.

TOPSHOT-THAILAND-POLITICS-VOTE

Ein talsmann for partiet kunngjer prinsessas kandidatur fredag.

Foto: KRIT PHROMSAKLA NA SAKOLNAKORN / AFP

– I lojalitet til kongen og den kongelege familien vil Thai Raksa Chart-partiet etterkome den kongelege befalinga, skriv partiet, ifølge nyheitsbyrået AFP.

Prinsesse Ubolratana er 67 år gamal. Partiet som nominerte henne er stifta av støttespelarar av tidlegare statsminister Thaksin Shinawatra.

Ubolratana sa frå seg sin kongelege tittel i 1972 då ho gifta seg med ein amerikanske statsborger. Ho kom tilbake til Thailand etter at ho blei skilt på 1990-tallet, og fekk då tildelt prinsessetittelen på nytt.

På instagramkontoen sin skriv prinsessa at ho har sagt frå seg sine kongelege privilegium og ser seg som ein vanleg borgar.

Ho takka for kjærleik og støtte.

Den thailandske kongens søster stiller til valg som statsminister i Thailand. Valget skal holdes i mars, og er det første siden militærkuppet i 2014.

Statsministerdraumen tok brått slutt for prinsesse Ubolratan.

Skandalar

Då kong Bhumibol døydde etterlet han seg fire vaksne barn, tre døtre og ein son. Han var då verdas lengstsittande monark. Kongen blei 88 år gamal og hadde overtatt trona som 18-åring i 1946.

Kong Bhumibol var sett på som eit symbol for stabilitet, noko som ikkje kunne seiast om kronprinsen.

Då Maha Vajiralongkorn blei konge i 2016 hadde han fleire skilsmisser bak seg. Og kronprinsen skapte overskrifter i utanlandske medier for utsvevande livsførsel.

Stabilitet og turbulens

I Thailand har monarkiet tradisjonelt vore heva over ein ofte turbulent politisk situasjon. Det er også forbod mot å kritisere monarkiet, noko som også ville skapt ein heilt ny og ukjend situasjon dersom ei prinsesse skulle gå inn i politikken.

No har kongen altså stoppa søsteras politiske ambisjonar.

Meininga var at prinsesse Ubolratana skulle utfordre Thailands sittande statsminister Prayuth Chan-ocha. Statsministeren har støtte frå militæret som er rekna for å være svært lojale til monarkiet. Valet i Thailand er planlagt i mars.

SISTE NYTT

Siste nytt