Hopp til innhold

Kongen utnemnt til æresdoktor ved amerikansk universitet

Tacoma (NRK): Endeleg, sa kong Harald då han vart utnemnt til æresdoktor ved Pacific Lutheran University. Det er 20 år sidan kona hans fekk same ære.

Kong Harald utnemnd til æresdoktor i Tacoma

VIDEO: Sjå kongen bli utnemnt til æresdoktor i Tacoma

Det var jubel og høgtid då 2015-kullet ved Pacific Lutheran University (PLU) marsjerte inn til sin «graduation» laurdag ettermiddag lokal tid. Fleire tusen menneske fylte den enorme Tacoma Dome. Og saman med studentane marsjerte den nye æresdoktoren ved universitetet, Kong Harald V av Noreg.

– Hans Majestet har vist eit langvarig engasjement for utdanning og dei verdiane vårt universitet står for, sa president ved PLU, Thomas Krise, under si omfattande grunngjeving av kvifor kong Harald får heideren.

Kong Harald held takketale i Tacoma.

Kong Harald heldt ein humoristisk takketale, men snakka også om dei truande klimaendringane.

Foto: NRK

Universitetet blei grunnlagt av skandinaviske pionerar på 1800-talet og held framleis fast ved si sterke tilknyting til Noreg. Fleire norske ungdomar tek si utdanning her. Og amerikansk ungdom lærer norsk.

– Mitt andre heimland

Dette betyr mykje, svarer kongen, når vi spør kva verdi ei slik utnemning har.

– Det betyr at vi held tett kontakt med det norske Amerika, og det synest eg er viktig.

– Betyr det mykje for kongen personleg også?

– Ja. Eg føler meg heime i Amerika, det er mitt andre heimland, faktisk.

Likestilt med kona

I takketalen gav kongen muntert uttrykk for at dette er kjærkome også fordi kona hans fekk tilsvarande ære allereie i 1995.

– Då dronninga og eg besøkte PLU for 20 år sidan, tok imot ho ein æresgrad, noko eg har blitt minna om temmeleg mange gonger, sa kongen til stor latter frå salen.

– Difor er eg spesielt stolt over å ha fått dette æresdoktoratet sjølv. Endeleg er eg og dronninga likestilte, i alle fall på dykkar universitet, sa kongen til nye lattersalvar.

Møte mellom storfiskarar i Seattle

Utfordra ungdomen

Etter ei noko fleipande takk vende kong Harald seg til avgangselevane.

– Min generasjon har lite å vere stolte av når det kjem til å ta vare på miljøet og klimaet. Mitt håp er at dykkar generasjon vil klare seg betre. Eg er heldig som har høve til å møte unge menneske som dykk. Høgt motiverte unge menneske som allereie gjer ein forskjell og presser sine regjeringar til å gjere meir. Eg håper de vil delta i arbeidet med å auke merksemda om klimaendringane – det hastar.

Kong Harald sel eventyrlandet Noreg til amerikanske turistar

Alaska

Søndag reiser kong Harald vidare til Alaska for å rette merksemda mot, nettopp, klimaendringane. Kongen skal besøke fiskarlandsbyen Homer og sjå konsekvensane endringar i klimaet har ført til der. Og han skal delta på konferansen om korleis USA og Noreg saman kan arbeide for ei berekraftig utvikling i Arktis.

Seattle og Tacoma i USA

SISTE NYTT

Siste nytt