Hopp til innhold

Klart for kontroversielt Tyrkia-besøk

ANKARA (nrk.no): Blomsterbarn og raud spring venta kong Harald og dronning Sonja då dei kom til hovudstaden i Tyrkia, Ankara i ettermiddag. I morgon startar statsbesøket dei er åtvara mot å gjennomføre.

Det norske kongeparet er på et kontroversielt statsbesøk i Tyrkia.

Kongeparet blei møtt av blomsterbarn utanfor hotellet i Ankara.

Med eige charterfly kom det norske kongeparet, tre statsrådar og ein stor delegasjon direkte frå Oslo til Ankara i ettermiddag.

Alt er klart for eit tre dagar langt statsbesøk, som har vore kontroversielt sidan planleggingsstadiet.

Trass i at Tyrkia og Noreg har hatt diplomatisk samkvem sidan i 1926, er dette det fyrste norske statsbesøket i Tyrkia.

Leiaren i PEN-klubben William Nygaard har skriftleg bedt kongen utsetje besøket, for å hindre at Norge gir den tyrkiske regjeringa ein legimitet ho ikkje fortener.

Norsk Journalistlag og tyrkiske menneskerettsaktivistar har åtvara mot å ha handel og høflegheit som hovudtema på turen.

Viktig besøk

– Dette er eit viktig besøk. Tyrkia har vore gjennom ei rivande utvikling, økonomisk og sosialt, men også når kjem til Menneskerettar, seier utanriksminister Børge Brende.

Han fortel at menneskerettar blir eit viktig tema under statsbesøket.

– Det går på ytringsfridom og journalistars moglegheit til å skrive det dei ønsker utan at dei blir fengsla, det gjeld dette med å ikkje fengsle folk utan lov og dom og ikkje minst det vi var vitne til i sommar, kor det var ei valdsbruk mot dei demonstrerande ungdommane som eg meiner ikkje er i tråd med kva som kjenneteiknar eit moderne samfunn, seier Brende til NRK.

Den ferske utanriksministeren skal følgje kong Harald i alle møte med tyrkiske styremakter.

Lunsj med omstridd statsminister

Det er president Abdullah Gül som har invitert det kong Harald og dronning Sonja på statsbesøk til Tyrkia. I morgon leier han sine norske gjester gjennom den seremonielle delen av besøket.

Men allereie til lunsj møter kong Harald og utanriksminister Brende den omstridde statsministeren i landet, Recep Tayyip Erdogan.

Erdogan er kritisert for å ofre menneskerettane for å sikre bølgja av økonomisk vekst Tyrkia er inne i og for å avgrense ytringsfridomen og fengsle journalistar og regimekritikarar.

Norsk journalistlag har bedt både konge og regjering om å bruke statsbesøket til å tale fengsla journalistars sak.

Menneskerettar eller forretningsfest?

Medan tysdagen er sett av til møte med makta, låner kongeparet øyret til andre sider ved tyrkisk samfunnsliv onsdag. Då er forfattarar, menneskerettsaktivistar og andre invitert til lunsj ved Bosporosstredet i Istanbul.

I den tyrkiske hovudstaden skal kongeparet opne kunstutstillingen Munch|Warhol.

Men statsbesøket gir også norsk næringsliv forventningar om å auke handelen med Tyrkia.

Ein næringslivsdelegasjon på nær 120 menn og kvinner inntek denne veka hovudstaden Ankara og Istanbul. Dei er støtta av handelsminister Monica Mæland og fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

SISTE NYTT

Siste nytt