NRK Meny
Normal

Kongen klar for historisk Antarktis-tur

Når kongen i ettermiddag stig ut på isen i Dronning Maud Land, er han den første kongen nokosinne som besøker Antarktis. – Dette er historisk, seier direktøren i Norsk Polarinstitutt.

Når kongen i ettermiddag stig ut på isen i Dronning Maud Land, er han den første kongen nokosinne som besøker Antarktis

Kong Harald lytta intenst då siste informasjon om den store ekspedisjonen blei gitt på eit luksushotell i Cape Town i går kveld. Vêrmeldingane er gode nok, flyet kan lande på isen og den lenge planlagde reisa inn til Troll forskingsstasjon kan starte.

– Dette er fyrste gongen nokosinne at ein konge besøker Antarktis. Det er historisk for oss, seier direktøren i Norsk Polarinstitutt, Jan Gunnar Winther.

Familienamn

Når kongen seint i ettermiddag flyg inn over kronprinsesse Märthas kyst, får han nok kome fram i cockpit og sjå utover dronning Maud Land.

Kong Harald Antarktis

Måndag helste kongen på pilotane som skal fly han inn til antarktis.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Han kjem til eit område som har fått namn etter mange i hans nære familie. Der er prinsesse Astrid kyst, prinsesse Ragnhild kyst, prins Harald kyst og til slutt kronprins Olav kyst. Utanfor ligg kong Haakon VII hav. Då Norge annekterte Dronning Maud Land i 1939, fekk området kongelege namn, fortel Jan Gunnar Winther.

– Prins Haralds kyst er eitt eksempel på eit område som ber namnet til dagens konge. Det er på tide at han kjem dit sjølv, seier Winther.

– Vi syns at det er veldig flott at han tek ei slik reise og er med og markerer tiårsjubileet. Så dette er i god norsk og kongeleg tradisjon.

Meir norsk forsking

Snart 78 år gamle kong Harald tek den lange reisa for å markere at det er 10 år sidan Troll vart heilårs forskingsstasjon. Det var dronning Sonja som stod for opninga den gongen i februar 2005.

– Kva har Norge oppnådd med å ha heilårsforsking i Antarktis i desse 10 åra?

– Vi er ei stormakt når det gjeld diplomati og næringsinteresser. Men vi har ikkje har hatt så stor aktivitet når det gjeld forsking. Ved å etablere Troll som heilårs forskingsstasjon har vi auka aktiviteten til rundt 1000 forskerdøgn i året på Troll. Og der er potensial for meir, seier Winther.

To døgn i Antarktis

Kongen skal etter planen lande på Troll Airfield, ei 3000 meter lang landingsstripe på isen, klokka 1830 norsk tid tysdag. Han skal vere i Antarktis til torsdag kveld.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt