Hopp til innhold

Kong Harald sel eventyrlandet Noreg til amerikanske turistar

SEATTLE (NRK): Disneyfilmen Frost har lokka hordar av amerikanske turistar til Noreg. I dag tek Kong Harald i eit tak for å får endå fleire til å oppdage eventyrlandet i nord.

Kong Harald

PÅ BESØK: Kong Harald møtte guvernør Jay Inslee i Seattle.

Shannon Stowell

ROS: – Noreg er eit uoppdaga reisemål for dei som ser etter desse kvalitetane, seier direktøren i Adventure Travel Trade Association, Shannon Stowell.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Bilde av snøkledde vidder og fjell tok i mot då bransjefolk kom til reiselivsseminaret i Seattle torsdag kveld. Det var fyr på gasspeisen då direktøren i Adventure Travel Trade Association, Shannon Stowell ønskte velkomen.

– I kveld retter vi søkelyset mot Noreg. Noreg passar den nye reisande. I vår undersøking ser vi at folk ser etter natur, kultur og aktivitet. Noreg er eit uoppdaga reisemål for dei som ser etter desse kvalitetane, seier han.

Kongen hjelper til

Hege V Barnes

– KONGEN BETYR MYKJE: – Når kongen er med, blir amerikanarane ekstra interesserte, seier Hege V. Barnes, områdedirektør for Innovasjon Norge i USA.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Norske reiselivstoppar har gjennomført bransjetreff i San Francisco og Los Angeles denne veka. Fredag står Seattle for tur. Og då med kong Harald på laget.

Kongen innleier sitt offisielle USA besøk med å hjelpe reiselivsbransjen med offensiven i Seattle. Kongen skal delta i samtaler og lunsj med representantar for reisebyrå og turoperatørar i Seattle.

– Det betyr svært mykje at kongen er med på dette. Når kongen er med, blir amerikanarane ekstra interesserte, seier Hege V. Barnes, områdedirektør for Innovasjon Norge i USA.

Disney og sterk dollar

Stor optimisme og breie glis pregar reiselivsfolka vi møter i Seattle. Interessa frå reisebyrå og turoperatørar tyder på at veksten på 31 prosent i fjor berre er starten på det amerikanske turistrushet til Noreg.

Kristian B Jørgensen

– KJEMPEHOT: – Noreg er rett og slett in for tida, det er kjempehot, seier Kristian B. Jørgensen i Fjord Noreg.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

– Noreg er rett og slett in for tida, det er kjempehot. Etter eit fantastisk år i fjor, ser vi at interessa er enda større i år, seier Kristian B. Jørgensen i Fjord Noreg.

Han forklarer suksessen med den norskinspirerte Disneyfilmen Frost, nye direkte flyruter og ein sterk dollar. Shannon Stowell meiner det er fleire årsaker.

Noreg passar den nye reisande. Dei ser etter ein kombinasjon av natur, kultur og aktivitet. Noreg er eit uoppdaga reisemål på desse områda, seier han.

Auka vekst

Hege V. Barnes i Innovasjon Norge fortel at dei byggjer Noreg som eit reisemål for opplevingar, og at dei samarbeider med fleire for å nå målet om ytterlegare vekst i den amerikanske marknaden.

Potensialet for auka vekst er enormt. Rundt 11 millionar amerikanarar reiser til Europa kvart år. Om lag 2–3 prosent av desse reiser til Skandinavia, så det er litt å ta av seier ho.

Kong Harald spise lunsj med guvernør Jay Inslee

LUNSJMØTE: Kong Harald et lunsj med guvernør Jay Inslee.

Foto: Kristi Marie Skrede / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt