Klokka 1930 norsk tid sette Majesteten foten på den antarktiske isen
Under innflyginga blei kongen invitert til å sitje med pilotane. Langs kronprinsesse Märtha sin kyst, forbi iskanten og 235 kilometer innover isen. Etter 10 timar i fly frå Cape Town landa Hercules-flyet på den 3000 meter lange flystripa på Troll Airfield.
Mild velkomst
Det kaldaste, og mest forblåste kontinentet på kloden tok mildt imot den norske Majesteten – kveldssol og 15 kuldegradar. På isen stod velkomstkomiteen med stasjonssjef Marit Øvstedal i spissen klar:
– Vi har førebudd oss lenge. No håper vi kongen skal få eit fint opphald, seier Øvstedal. Ho er den fyrste kvinnelege stasjonssjefen på Troll.
Ei beltevogn frakta kongen inn til forskingsstasjonen. Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H), justisminister Anders Anundsen (Frp) og resten av delegasjonen følgde etter i slede.
Dei neste to døgna ventar utflukter på isen, observasjon av forskingsarbeidet som blir gjort på stasjonen og samtaler med dei som arbeider her. Og så skal 10-årsjubileet for Troll som heilårsstasjon feirast med festmiddag onsdag kveld.