Hopp til innhold

Konfliktfylt parti, grått landsmøte

Republikanarane sitt landsmøte plar vere staden der dei største politiske stjernene samlast om partiet. No fører uvêret «Isaac» og utestengingar til at landsmøtet blir eit einmanns-show for Mitt Romney.

Republikanernes landsmøte

Landsmøtet i Florida var berre halvfullt då det opna måndag. Det meste av programmet er likevel utsett på grunn av uvêret.

Foto: MARK WILSON / Afp

Hugsar du den fargerike gjengen som var aktuell i den tidlege kampen for å bli den neste presidenten i USA? Norsk-ætta Michele Bachmann, pizzakongen Herman Cain, «you're fired»-Donald Trump, libertarianeren Ron Paul og rappkjefta Rick Perry, gjorde valkampen til ein livlig oppleving for mange.

Men ingen av desse vil vise seg på republikanarane sitt landsmøte, som no går av stabelen i Tampa i Florida.

Mitt Romney

Mitt Romney kjem til å bli offisielt valt som presidentkandidat på torsdag.

Foto: Evan Vucci / Ap

Rick Santorum er den einaste av dei tidlegare presidentkandidatane som er har fått taletid på landsmøtet. Til samanlikning var nesten alle kandidatane frå valkampen i 2008 til stades då John McCain vart valt inn for fire år sidan.

Newt Gingrich, som også var ein av dei tidlegare presidentkandidatane, meiner det manglande oppmøtet er eit teikn på at det finst mange vingar i det republikanske partiet som ikkje er tilfredse med at Mitt Romney vert den som skal møte Obama i november.

– Spenninga mellom vingane i partiet og det tradisjonelle partiet kjem til å bli verande, og vil prege dei neste åtte åra uavhengig om Mitt Romney vert president eller ikkje, seier Gingrich til The New York Times.

Held «protestlandsmøte»

Ron Paul er, utanom Mitt Romney, den siste offisielle republikanske presidentkandidaten som framleis stiller til val. Sjølv om sigeren lenge har vore uoffisielt i boks for Romney, har støttespelarane til Ron Paul kjempa ein innbitt kamp for å få flest mogleg delegatar til landsmøtet. Om ikkje for å vinne nominasjonen, så iallfall for å vere med på å forme den politiske plattformen for det republikanske partiet.

Ron Paul fekk tilbod om taletid på det republikanske landsmøtet, men dette takka han høfleg nei til. Føresetnaden var nemleg at Romney-kampanjen måtte godkjenne talen hans på førehand, og at Paul måtte gi formell støtte til Mitt Romney.

– Det ville ikkje ha blitt mi eiga tale. Det ville ha reversert alt eg har gjort dei siste 30 åra. Eg vil ikkje gi mi fulle støtte til Romney, sa 77-åringen til The New York Times.

Det republikanske partiet vil likevel heidre Paul med ein video under landsmøtet.

Dette har ført til at Paul-støttespelarane valde å arrangere sitt eige landsmøte. Søndag trossa nær 10.000 menneske stormen «Isaac», og møtte opp for å høyre libertarianaren tale.

Ron Paul

Krigsmotstandaren Ron Paul er ikkje tilfreds med den tradisjonelle republikanske plattforma, og haldt difor eit alternativt landsmøte på søndag.

Foto: MLADEN ANTONOV / Afp

Heller ikkje dei tidlegare presidentkandidatane Herman Cain og Michele Bachmann har blitt invitert inn i varmen til det republikanske partiet. Dei har også halde eit eige møte utanfor Tampa, der dei talte til ein Tea Party-forsamling på fleire hundre menneske.

– Det me representerar og kven me representerar fortener respekt. Hadde eg fått tale på landsmøtet kunne partiet fått inspirasjon til å kome over dei store forskjellene i det republikanske partiet. Og la oss vere ærlege, me er langt frå ei homogen gruppe, sa Herman Cain til avisa.

Sørstats-guvernørar trekkjer seg

Uvêret «Isaac» har gjort programmet landsmøteprogrammet enno tynnare. I dag annonserte Louisiana-guvernøren Bobby Jindal at han vil droppe landsmøtet for å dra heim til delstaten og førebu innbyggjarane på orkanen. Jindal er ein svært populær guvernør, og er rekna som ein av dei store stjernene hos republikanarane.

Florida-guvernør Rick Scott har gjort det same, og prioriterar uvêret framføre det lune klimaet i kongressalen i Tampa.

– Eg kjem til å trekkje meg frå alle landsmøteaktivitetar. Eg må gjere meg klar for å ta meg av heile staten, seier Scott til Reuters.

Mørke skyer over Tampa

Stormen «Isaac» har lagt ein dempar på stemninga i forkant av republikanarane sitt landsmøte i Tampa.

Foto: ERIC THAYER / Reuters

15.000 journalistar venta

Trass i det manglande oppmøtet er det venta at heile 15.000 journalistar, frå heile verda, skal dekkje landsmøtet i Tampa.

– Dei einaste nyheitene vil bli skapa av talene til Mitt Romney og Paul Ryan. Det einaste spørsmålet er om dei vil klare å tale overbevisande til det amerikanske folket eller ikkje, skriv redaktør i Huffington Post, Howard Fineman, i ein kommentar.

Han meiner det store mediekjøret under landsmøtet er bortkasta bruk av ressursar.

– Bob Woodward og Carl Bernstein kom med Watergate-historia. Tusenvis av reportarar i Tampa kjem ikkje til å kome med noko nytt. Det er ikkje deira feil: det er ingen nyheiter.

Landsmøtet i Tampa starta offisielt måndag kveld, men vil ikkje bli sparka fullt i gong før tysdag, grunna uvêret. Det er venta at Mitt Romney vil bli offisielt valt som presidentkandidat på torsdag.

SISTE NYTT

Siste nytt