Exit Silvio Berlusconi

Italia har trudd det mange gonger før, at statsminister Silvio Berlusconi var ferdig. Men mannen har kome att og att. Men no verkar enden å vere nær.

Silvio Berlusconi

Silvio Berlusconi har vore italiensk statsminister i fleire omganger. No kan karrieren vere over - for godt.

Foto: FILIPPO MONTEFORTE / Afp
Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Det vekkjer knapt oppsikt lenger, men er ganske typisk for Silvio Berlusconi.

At då regjeringa hans vakla og finansverda beit tenner og skalv over den italienske gjeldskrisa denne veka, så trekte den 75 år gamle statsministaren seg tilbake for å tilbringe eit lite døger saman med ein 25-årig modell.

Berlusoni sine blemmer

Det er ikkje vanskeleg å gjere seg lystig over Berlusconi. Den sjølvskapte euromilliardæren med det evigbrune voksandletet etter tallause kosmetiske operasjonar. Machoen som møter skuldingar om seksuell omgang med mindreårige prostituerte med å svare at det er bedre enn å vere homse.

Blemmene hans i det offentlege rom kjenner ingen grenser. Han kyssa bruda i eit muslimsk bryllaup. Han møtte huslause jordskjelvoffer med oppmuntrande ord om at dei kunne sjå på det som ein campingtur når dei no måtte i telt.

Han unndrar seg ikkje å karakterisere kvinnelege statsleiarar i dei mest vulgære seksuelle vendingar, eller konstatere at det amerikanske presidentparet har vore mykje i sola, så brune og fine som dei er.

Rydda aldri opp

Men Berlusconi har også vist eit unikt politisk talent. Med stor evne til å kommunisere, og teflon vern mot kritikk og politiske åtak.

Berlusconi har vore eit etterlengta stabilt alternativ til den tidlegare svingdørspolitikken i Italia. Men han har levert lite av det han lova.

Berlusconi blei aldri den ryddeguten a la Thatcher som han marknadsførte seg som.

Under han har Italia glidd stødig mot stupet, medan hans eiga tvilsame forretningsverksemd har forfølgt han inn i regjeringskontora. Ifølgje han er det ein kommunistisk konspirasjon mot han i rettsstellet.

Marknaden som overmann

Det var marknaden som til slutt tok knekken på han. Berlusconi synest å ha vore den siste som tok gjeldskrisa på alvor.

Ifølge han var det bare noe venstresida innbilte seg. Det er ikkje mange dagane sidan han hevda at krisa knapt kunne vere noko problem når alle restaurantane heile tida er fulle.

Den manglande viljen og evna til å få gjennom nødvendige krisetiltak, blei tydeleggjort da Berlusconi møtte dei andre G20-leiarane i Cannes for ei veke sidan.

Der blei han sittande isolert og vennelaus i skammekroken medan Merkel og Sarkozy vekselsvis fortvila og himla med augene over den italienske statsministaren.

Silvio Berlusconi, Angela Merkel og Nicolas Sarkozy

Parhestane Angela og Merkel og Nicolas Sarkozy skal vere mektig lei sin italienske kollega. Men den tyske forbundskansleren kan ikkje skjule si fornøying over det lite presidentaktige grepet Berlusconi brukte på den franske presidenten.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / Reuters

Han reiste heim med varsel om at barnevaktene var på veg - inspektørane frå EU som no er på plass i regjeringskontora i Roma og ventar på at den tøffe tiltakspakken skal bli ferdigbehandla i parlamentet og kontrollere at statsapparatet gjør det det no blir pålagt for å føre Italia ut av gjeldskrisa.

Berlusconi har trudd at han var usårleg. Der det har vore hinder i vegen, har han smigra og pressa og kjøpt seg forbi.

For han var det eit sjokk då viktige støttespelarar denne veka snudde ryggen til han og ikkje var til å rokke, fleire av dei med bodskapen om at han no burde gå av.

Men det var noko klassisk over reaksjonen også då, som henta frå mafialitteraturen eller italiensk opera: «Eg vil sjå dei i andletet, dei som har forrådt meg», sa han.

Slik talar ein gudfar.

Exit eller ikkje exit?

Det er uvisse som pregar Italia. Uvisse om kva Berlusconi verkeleg kjem til å gjere. Om han kanskje snart er tilbake.

Kvar gong han opnar munnen, skjelv børsane. Men Berlusconi er uansett berre eit symbol på det som er gale.

Gjeldsproblema forsvinn ikkje med han. Italia skuldar kreditorane sine 15.000 milliardar kroner, fem norske oljefond. Det er ei gjeld Italia ikkje kan handtere utan djuptgåande reformer med offentlege nedskjeringar, skatteauke og truleg med auka arbeidsløyse som resultat.

Trua på at Italia skal greie å bære dette, er liten.

Det same er evna til å hjelpe landet og lysten til å investere der. At problema i Aten så fort blei overskygga i nyhetsbilete av problema i Roma, illustrerar alvoret. Italia er for stort til å kunne reddast av andre.

Og bak ligg den store europeiske smittefrykten. Alt no kan vi høyre spørsmålet: Blir Frankrike det neste?

Euroen riv og slit i EU, så sterkt at dei franske og tyske leiarane ikkje lenger prøvar å skjule at dei drøftar korleis eurosonen kan kvitte seg med vanskelege medlemmar, og då snakkar dei ikkje berre om Hellas.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt