Hopp til innhold

Komikar vert etterforska for terror etter «Charlie Coulibaly»-tweet

– I kveld kjenner eg meg meir som Charlie Coulibaly, skreiv den omstridde franske komikaren Dieudonné. No vert han etterforska for å framkalle terror.

FRANCE-DIEUDONNE-TRIAL-FILES

Den omstridde komikaren Dieudonné meiner alt snakket om ytringsfridom i Frankrike ikkje gjeld for han. No er det oppretta nok ei sak mot han på grunn av ei twittermelding han skreiv i går.

Foto: PATRICK KOVARIK / Afp

Som eit motsvar til resten av Frankrike som i går fastslo at «Je suis Charlie Hebdo», «Eg er Charlie Hebdo», så skreiv den franske komikaren heller at han følte seg som «Charlie Coulibaly».

1,5 millionar «likes»

Dermed kopla han saman namna til satiremagasinet som vart angripe, Charlie Hebdo, og den eine terroristen som angreip ein jødisk butikk, Amedy Coulibaly.

(Saka held fram under Twittermeldinga)

Skjermdump Twittermelding

Denne twittermeldinga skaper storm i Frankrike. Meldinga er no fjerna frå Dieudonné sin twitterkonto. Skjermdumpen er henta via L'Express sine nettsider.

Foto: Skjermdump

1,5 millionar Facebookbrukarar trykte «liker» på meldinga, som no er fjerna.

Men om det heile var meint som nok ein spøk frå komikaren, så har den i så fall slått litt feil ut. For mange meiner ytringa er ei støtte til mannen som drap fire menneske i ein jødisk butikk. Og det hjelp heller ikkje at Dieudonné lenge har blitt skulda for å vere antisemitt og for å ha brukt nazi-liknande symbol.

Trass det store fokuset på ytringsfridom i Frankrike, så vert det no oppretta sak mot komikaren for 25. gong på eit år.

Brev til innanriksministeren

Dette brevet, adressert til innanriksminister Bernard Cazeneuve, har komikaren lagt ut på sine Facebook-sider.

Foto: Dieudonné si Facebookside

Skreiv brev til innanriksministeren

Dieudonné har fleire gonger fått tyn for sine ytringar mot jødar, og dei siste dagane har han fleire gonger stilt retoriske spørsmål i sosiale medium om «kvifor ytringsfridomen gjeld Charlie Hebdo, men ikkje Dieudonné?».

I eit brev til Frankrikes innanriksminister, Bernard Cazeneuve, som er datert i dag, tek han eit oppgjer med måten han har blitt handtert på.

– I eit år har eg blitt handtert som folkefiende nummer ein, sjølv om det einaste eg er ute etter å skape latter, skriv komikaren.

Statsminister i Frankrike, Manuel Valls, har kome med eit tilsvar til Dieudonné sine utspel, og meiner at ein ikkje kan blande ytringsfridom og antisemitisme med kvarandre.

– Rasisme, antisemitisme, oppfordring til terrorisme - det er ikkje meiningar, det er lovbrot, seier Valls.

Vart kjent på grunn av Nicolas Anelka

Han meiner hans antisemittiske ytringar vert handtert annleis enn Charlie Hebdo sin antimuslimske satire.

– Eg vert sett på som ein Amedy Coulibaly, sjølv om eg ikkje er noko annleis enn Charlie (Hebdo journ. anm), held komikaren fram i brevet til ministeren.

Dieudonné, som har eit artistnamn som betyr «gitt av Gud», skriv også at han sjølv var til stades på gårsdagens markering, men at han følte seg åleine då han var på veg heim att.

Dieudonné og Anelka

Nicolas Anelka vart utestengd i fem engelske ligakampar etter at han viste ei rørsle som Dieudonné er kjent for, og som skal vere antisemittisk.

Foto: Kovarik/Kington / AFP

Den omstridde komikaren har sjølv blitt karikert fleire gonger av satiremagasinet Charlie Hebdo. Ei gong med ei fransk kjøttpølse, kalla ein quenelle, i baken, og ei anna gong med bilete av ein liten hjerne og teksten «Dieudonné sin hjerne. Berre ein liten detalj».

Komikaren skal også ha blitt kjent etter fotballspelaren Nicolas Anelka kopierte ei fakte som mange ser på som antisemittisk. Anelka vart utestengd i fem kampar etter at han gjorde rørsla i 2013.

SISTE NYTT

Siste nytt